Lokale talent signert

Mannsverk og Helgesen inn i A-troppen

Sogndal Fotball har i dag inngått avtalar med to gode lokale talent.

Begge avtalane løper ut sesongen 2021.

Sivert Heggheim Mannsverk (f. 8/5 2002) kom til Sogndal i 2016 frå moderklubben Årdalstangen IL. Midtbanespelaren viste seg tidleg som eit talent utanom det vanlege, og debuterte på det norske G15-landslaget i 2017.  I fjor gjekk han skadd det meste av sesongen, men han rakk å få vera med i semifinalen mot Viking og resten av eventyret med G19-laget vårt, og vart både vinnar i NM og Skandinavisk Meisterskap.

Sivert har spelt fire kampar med flagget brystet, og reiser på søndag til La Manga på samling med G17-landslaget.

Les også: Sivert til La Manga 

Flo og Mannsverk
Håvard Flo og Sivert Mannsverk

Eivind Helgesen (f. 30/6 2001) har gått gradene i Sogndal Fotball frå barnefotball og no opp på A-laget. Han har allereie debutert i Eliteserien, då han kom inn i 4-0 sigeren mot Viking våren 2017. Eivind var tidlegare kantspelar, men har i det siste vorte omskulert som vingback, og han tek stadig nye steg. Eivind har lagt ned veldig mange timar med eigentrening i Sognahallen, og no får han løn for strevet. Også Eivind var veldig delaktig i G19-eventyret i fjor.

På måndag tek også Eivind turen til La Manga, for første gong skal han representera landet på G18-landslaget.

Les også: Utteken på landslaget

Flo og Helgesen
Håvard Flo og Eivind Helgesen

Toppspelarutviklar Rune Bolseth har jobba tett med Sivert og Eivind frå dei kom med på Sogndal 2.

- Det er veldig kjekt at me kan ta opp to lokale gutar som har gått gradene i klubben. Dei har hatt ein veldig fin utvikling og er midt inne i ein spennande tid der dei tek nye steg heile tida, seier Bolli.

- Dei må hugse at det er no det heile startar. Det er no dei skal visa seg skikkeleg, gjera jobben. Men eg er heilt trygg på at desse to er klare for oppgåva, avsluttar ein glad Bolli.

Me er veldig glade for å ha desse to flotte spelarane med på A-laget, og ser fram mot mange gode opplevingar og fine stunder i lag.

Annonse fra Obos-ligaen: