Magien skjer utanfor komfortsonen

Onsdag var omtrent 30 personar frå ulike bedrifter i området samla til salskurs på Fosshaugane Campus.

På salskurset, som var i regi av Sogndal Fotball og Gosh pgp, delte kommersiellterapeut Richard Jacobsen gode råd og erfaring får sitt salsarbeid gjennom 20 år.

"Det handlar om å vere tydeleg og om å vere seg sjølv. Den ærlige sanninga er at ingen blir betre av å sitte her og høyre på meg i dag. Det handler om kva du gjer ut av det sjølv."

Slik starta den energiske sørlendingen, og Jacobsen var raskt ute med å fange oppmerksemda til publikum. Gjennom gode eksemplar og ein tydeleg formidlingsevne fekk deltakarane med seg gode verktøy tilbake til sine bedrifter.

Aktivt publikum
- Dette var supert! Eg er svært nøgd med dagens kurs, og for nokre aktive deltakarar. Det er ikkje første gang eg er på kurs med Jacobsen, men i dag opplevde eg deltakarane som svært aktive og dei kom med mange gode spørsmål, fortel dagleg leiar i Gosh pgp Ole Pette Heggestad.

"Gjere det til sin greie"
- Etter dagen i dag trur eg folk sit igjen med mange inntrykk og tankar. For å få god verdi av kurset er det viktig å gjere informasjonen ein har fått til sin greie, og relatere det til sin kvardag og si bedrift, seier Heggestad.

salskurs
Etter ein god lunsj på Høgskulekantina, fekk deltakararne prøvd seg på litt praktisk salsarbeid

- Dette har vært ein spennande dag. Eg må jo seie at det er ein utfordring å halde kurs for ei gruppe som er samansett av så mange ulike bransjar. Men samspelet i dag fungerte svært godt, det var ein fin nerve i rommet og mange gode spørsmål, fortel Richard Jacobsen. 

Tente på oppdrag frå fotballklubb
Det er ikkje første gang Jacobsen er på oppdrag i Saftbygda, men det var første gang han tok turen til Fosshaugane Campus.

- Eg var svært glad då eg fekk førespurnad frå Sogndal Fotball, og eg tente på oppdraget med ein gang. Det å arrangere eit slik kurs som i dag er jo eit fantastisk møtepunkt, og det korrespondere veldig godt med visjonen til Fosshaugane Campus, fortel ein raus Jacobsen.

Auka generell bevisstheit
- Eg håper at dagens deltakarar har fått ein auka bevisstheit. Og med det meiner eg ein generell bevisstheit; i både kommunikasjon, åtferd, tydelegheit og det å vere seg sjølv. Så er det viktig å få avdramatisert dette med sal, kundar og konsekvensar som gjerne er litt skremmande for folk. Det er så mykje surr rundt idèar kring sal. Så eg håper at dagen i dag har bidrege til å få fram det enkle i det, avsluttar Jacobsen.

Ynskjer di bedrift å arrangerer kurs eller seminar saman med Sogndal Fotball?

Ta kontakt med marknadsjef Stine Lilloe-Olsen [email protected] for ein uforpliktande samtale.

Stao no pao!

Besøk vår bedriftnettside her: www.sogndalfotball.com

Annonse fra Obos-ligaen: