Målfoten frå Marnadal

Martin starta karriera i moderklubben Marnadal, som er ein liten kommune i Vest-Agder. Her var han til kring 14-årsalder før han meldte overgang til Mandalskameratene. Var der til han returnerte til Marnadal og spelte 6.divisjonsspel på seniornivå. Tilbake til Mandalskameratene to sesongar før OBOS-ligaen og Strømmen venta. I 2015 var han toppscorar med 12 mål under leiing av tidlegare Sogndalsspelar Espen Olsen. Etter 2,5 sesong der kom han til Sogndal.


Kva er ditt beste minne i Sogndalsdrakta?


Nei, det er litt vanskeleg å velje ut. Har etterkvart fått mange gode minner her. Å debutere i Tippeligaen, sjølv om me tapte kampen. Eg oppnådde då ei målsetting. Når eg scora mitt fyrste mål i Sogndalsdrakta er også eit godt minne. Elles har eg berre mange gode opplevingar.

Martin Ramsland StrømsgodsetH 2017 Foto - Rune Sjøberg (7)
Martin stiller inn siktet. Foto: Rune Sjøberg


Korleis trur du dei andre på laget skildrar deg?


Lagkameratane vil sikkert skildre meg som arbeidsam og kanskje kraftfull spelar. Eg kan vera litt tøff i spelestilen til tider.


Kan du fortelja litt om botsystemet dykkar?


Ja, me har ein haug med reglar som me berre må fylgja. Fyrst og fremst for å få litt struktur i kvardagen; høyre på når trenaren snakkar og ikkje gløyme ting rundt forbi. Der er det mange ulike punkt. No har Per-Magnus Steiring kom inn som botsjef i lag med Bjørn Inge Utvik, så då kom det fleire punkt på lista..Så no skal det nesten godt gjerast å ikkje få bot.

Håpar me får inn nok pengar slik at me kan reise på ein tur. Me brukar pengane på sosiale ting. Det vert god stemning når nokon får bot, og pengane går tilbake til spelargruppa, seier Ramsland.

Martin Ramsland VikingH 2017 Foto - Toril Walker Norheim (2)
Martin Ramsland i kamp mot Viking 2017. Foto: Toril Walker Norheim

Når dykk har endra formasjon denne i løpet av vårsesongen, korleis påverkar det kvardagen?


Det har vorte litt annleis, spesielt offensivt. Eg har blitt spiss aleine no. Når me spelte 4-4-2 var me to spissar. Samstundes så blir formasjonen i mange kampar 3-4-3 når me angrip, og i forsvar vert det 5-4-1. Eg syns det har fungert bra, har fått Gilbert og Schulze med meg. Schulze kjenner eg frå før og Gilbert spelte eg med i fjor. Så eg trur alle oss tre har kome betre ut av det etter me bytta formasjon.

Martin Ramsland

  • Alder: 24

  • Vaks opp i: Marnadal

  • Posisjon: Angrep

  • Kampar for Sogndal: 38

  • Draktnummer: 11

Annonse fra Obos-ligaen: