Målkalas mot Levanger!

Karane varta opp med ein solid 5-1 siger!

Me slo Levanger heile 5-1 i kveldens kamp på Fosshaugane Campus. Stillinga til pause var 2-0.


Det var bortelaget som kom best i gong på Fosshaugane, men karane våre spiste seg sakte men sikkert inn i kampen, og produserte etter kvart ein del målsjansar. Lars Christian Kjemhus burde ha skåra dagens første, og Sixten Jensen fekk kanontreff då ballen suste i tverra. Fortsatte karane med å produsere slike sjansar, ville ballen til slutt gå i mål.

Les om kampen i Sogn Avis

Det var Sigurd Haugen som fekk opna skåringsfesten, då han i det 27. minuttet stanga inn 1-0. Deretter skåra Eirik Schulze i det 41. minuttet, Kjetil Wæhler (46), Haugen  (64) og Soltvedt (75). På stillinga 4-0 fekk Levanger eit trøystemål.

Les fyldig kampreferat på Firdaliven

Etter kampen var det duka for Ropet i garderoben.




Me tok ein prat med kaptein Mathias Lønne Dyngeland, mannen med tre assists i dag, Lars Christian Kjemhus og tomålsskårar Sigurd Haugen etter kampslutt.

Les om kampen i Porten.no

Kjetil Wæhler var på plass att i kvitedrakta etter å ha sona karantene mot Jerv, og den evigunge forsvarsklippa skåra det veldig viktige 3-0 målet berre eitt minutt etter sidebyte.





Trenar Eirik Bakke meinte me såg solide ut, og han var imponert over karane sine i dag.

Slik gjekk det i dagens kampar i OBOS-ligaen:
Mjøndalen-Strømmen 1-0
Jerv-Hamkam 2-3
Sogndal-Levanger 5-1
Tromsdalen-Notodden 4-2
Ull/Kisa-Florø 1-1
Viking-Nest Sotra 2-3
Kongsvinger-Sandnes Ulf går på tysdag.

Tabellen etter 18. serierunde ser slik ut
Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Aalesund Aalesund 18 13 3 2 41 15 26 42 V V U V V
2 Mjøndalen Mjøndalen 19 11 5 3 27 11 16 38 V V V V T
3 Viking Viking 19 12 1 6 44 29 15 37 V T V V V
4 Sogndal Sogndal 19 10 6 3 30 16 14 36 T V U V V
5 Tromsdalen Tromsdalen 19 9 4 6 29 28 1 31 V V T V U
6 Kongsvinger Kongsvinger 19 9 2 8 40 31 9 29 T V V V U
7 Ullensaker/Kisa Ullensaker/Kisa 19 7 7 5 40 31 9 28 T U U U V
8 Notodden Notodden 19 7 3 9 26 29 -3 24 V T U T V
9 Nest-Sotra Nest-Sotra 19 6 5 8 33 34 -1 23 U V T U U
10 HamKam HamKam 19 6 5 8 28 29 -1 23 V V T T U
11 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 19 6 5 8 23 33 -10 23 T T U T V
12 Jerv Jerv 18 5 7 6 23 26 -3 22 U T U T U
13 Åsane Åsane 19 6 4 9 25 34 -9 22 T T V V T
14 Strømmen Strømmen 19 5 1 13 27 42 -15 16 V T T T T
15 Florø Florø 19 4 3 12 16 42 -26 15 T U V T T
16 Levanger Levanger 19 3 3 13 23 45 -22 12 T T T T T

Neste heimekamp er mot Florø, og billett til fylkesduellen kan du kjøpa her.

Annonse fra Obos-ligaen: