Marius Kloster

Marius Kloster takker for seg

Ny utfordringar i Viking Fk

Sogndal Fotball ynskjer å takke Marius Kloster for god innsats i klubben, og ynskjer han lukke til vidare.

Etter 2 1/2 år i Sogndal Fotball reiser Marius Kloster tilbake til heimtraktene sine og jobb i Viking FK. Marius har med godt humør, sosiale eigenskapar og ikkje minst fagleg kunnskap bidrege til at barne- og ungdomsfotballen i Sogndal og Sogn og Fjordane har fått eit flott løft. 

Marius evna å kombinere dei seriøse og meir strukturelle aspekta ved det å drive talentutvikling saman med ein god dose humor og glimt i auga. Både utviklingsavdelinga og resten av Sogndal Fotball kjem til å sakne det å ha Marius rundt oss på Campus.

Det at Marius no får jobbe med det han synest er kjekkast og i tillegg i ein klubb som naturleg nok betyr mykje for han, unner me han av heile vårt hjarta. Me har på same måte som med spelarane våre ei målsetting om å utvikle trenarar som etter kvart også kan bli i interessante for andre toppklubbar. Det at Marius no reiser til Viking meiner vi er eit godt døme på nettopp dette. Fleire av Marius sine gode bidrag til klubben skal vi i utviklingsavdelinga prøve å videreføre og forhåpentligvis vidareutvikla.

Vil med dette på vegne av alle oss i Sogndal Fotball takke Marius for ein flott jobb og ynskje han hell og lykke med sin nye kvardag i Viking FK.

Stao no pao!

Annonse fra Obos-ligaen: