Marius takkar for seg

Har fått ny jobb i NFF Sogn og Fjordane

Toppspelarutviklar Marius Lenni Bøe skiftar beite frå 1/1 2018. Han skal ikkje langt, då han vil ha kontorplass på Campus hjå NFF Sogn og Fjordane. I fotballkretsen skal han framover vera trenarutviklar.

- Etter fire fine og lærerike år går eg no til nye utfordringar i kretsen. Dette ser eg veldig fram til, sjølv om det både er vemodig og trist å forlata Sogndal Fotball, seier Marius.

Mannen frå Balestrand kom til Sogndal i januar 2014 etter nokre suksessrike år som trenar i Kaupanger, først for herrelaget, og deretter med damelaget, som han rykka opp til 1. divisjon med.

Sportsleg leiar Håvard Flo gjev ikkje slepp på Marius med lett hjarte, då det er ein kapasitet som no blir borte.

- Eg vil takka Marius for den fine tida me har hatt i lag her i klubben, seier Håvard.

- Me har forståelse for at han vart frista til å prøva noko anna då sjansen baud seg, men me skulle helst sett at han var med oss vidare.

Marius gjorde seg fort bemerka i klubben. Han vart med til Gran Canaria på treningsleir for å bli godt kjent med dei andre i trenargruppa. 

Den smittande latteren hans runga godt på langsida i Sognahallen frå første stund, noko dette klippet er eit prov på (lattergaranti).

I sesongane 2014 og 2015 var Marius hovudtrenar for Sogndal 2 i 3. divisjon. Spesielt 2014 var ein svært god sesong for andrelaget, då dei var nær ved å rykka opp til 2. divisjon.

I 2015 var det trenarskifte på A-laget. Eirik Bakke overtok etter Jonas Olsson, og han var tidleg klar på at han ville ha med seg Marius i trenarteamet til A-laget.

- Eg vil takka Eirik for at han gav meg tillit og tok meg med som ein del av trenarteamet. Her har eg fått masse god erfaring og lært mykje. Eg har fått jobba som toppspelarutviklar på det høgste nivået i norsk klubbfotball.

Marius Bøe trening 2017 (5) (deleted f52b7e9916c909e52a60dc0082bf8d92)
Eirik, Marius og Bjørn Inge Utvik på treningsfeltet (Foto: Rune Sjøberg)

I tida her hjå oss har Marius Bøe utvikla seg som trenar, han har óg utdanna seg vidare.

- Marius har vist ein flott utvikling som trenar gjennom desse fire åra, der han har nytta tida til å utdanne seg til trenar med UEFA A-lisens, fortel Håvard.

Marius har óg vore med på ein del aldersbestemte landslag som teamleiar, noko som har vore både lærerikt og interessant.

- Det å få sjå "mine" gutar gjera det godt under landslagsspel har vore veldig kjekt, men vel so kjekt har det vore å sjå at unge spelarar som Johan Hove, Simen Brekkhus og Ulrik Fredriksen har debutert i både OBOS-ligaen og Eliteserien, fortel Marius.

Ulrik Fredriksen og Marius Bøe HaugesundB 2017 Foto - Rune Sjøberg (1)
Ulrik Fredriksen debuterte med bravur mot Haugesund og vart kåra til banas beste (Foto: Rune Sjøberg)

No ventar det ein ny kvardag i kretsen, og førebels tek me farvel med ein miljøskapar. 

- No når Marius har valgt å ta jobben i kretsen, ser me at han vil gjera seg nye og gode erfaringar. Så håpar me at han vil koma tilbake til oss her i Sogndal ein gong i framtida, seier Håvard Flo.

- Eg håpar at våre vegar møtast ved eit seinare høve, avsluttar Marius Lenni Bøe.

Sogndal Fotball takkar Marius for strålande innsats og ynskjer han mykje lukke til i ny jobb!

Marius Bøe trening v 32 2017
Kjetil Wæhler og Marius Lenni Bøe (Foto: Rune Sjøberg)
Annonse fra Obos-ligaen: