Martin med i kamptroppen!

Skal møta CSKA Moskva i morgon

I morgon møter me sterk motstand då me barkar i hop med det russiske storlaget CSKA Moskva.

Kampen går på Nuevo Campo del Campoamor Golf Resort og har avspark klokka 12.00. Om du er i området, er det veldig kjekt om du tek turen! Klikk her for å finna fram.

Me har hatt to særs flotta dagar på treningsfeltet her på La Manga, og pr. i kveld er det berre Ole Amund Sveen, Joachim Soltvedt og Eirik Schulze som ikkje er i kamptroppen. Resten er klare til kamp, deriblant vår kjære sørlending, Martin Ramsland.

Martin mista som kjent heile sesongen i fjor grunna skade. Vegen tilbake har vore lang, no er han smertefri og med i sin første kamptropp på over eit år.


- Martin skal matchast forsiktig framover, og me skal ikkje ta nokon sjansar, seier trenar Eirik Bakke, som gler seg over at Martin kan få sine første minutt i kamp på lang tid i morgon.


Her er ein video frå den første treningsdagen på La Manga


Annonse fra Obos-ligaen: