- Me gjer Saftbygda vårklar

Torsdag var det nasjonal ryddedag, og Sogndal Fotball var sjølvsagt med.

Heile landet har i dag vore i aksjon på "Heile Noreg ryddar". 

Tilsette frå Sogndal Fotball var ute i morgontimane og rydda områda i nærleiken av Campus. 

- Det er overraskande kor mykje småting som sjokoladepapir, flasker og plastposer som ligg gjømt rundt om på området. Dette er eit flott tiltak, og det er viktig at alle er med, seier kontorleiar Hilde Østbø.

Nasjonal ryddedag Sogndal Fotball 2018 Fosshaugane Campus_2
Morten Olsen og Mikkel Frodahl tek ryddeansvar langs elva

- Det har vore stor aktivitet på sosialemedier, og det flott å sjå at så mange tek ansvar. På Facebook er det fleire som har delt bilete frå dagen sin. Både privat personar, bedrifter, barnehager og skular har vore ute i området i dag og gjort ein god innsats, fortel ho.

Nasjonal ryddedag Sogndal Fotball 2018 Fosshaugane Campus_3
Nil Tore Krosshaug, Håvard Flo og Mikkel Frodahl er godt nøgd med dagens fangst.

Dersom du ikje har vore ute å rydda litt i ditt nærområdet, oppmodar me til å ta turen ut. Ingen kan ta alt - men alle kan ta litt! =D

Nasjonal ryddedag Sogndal Fotball 2018 Fosshaugane Campus_4
Dagens fangst

Annonse fra Obos-ligaen: