Med fotball i blodet

Ulrik er ein ung gut som fekk tillit på bana tidleg i årets sesong. Han har bidrege frå start i 12 kampar så langt. Meir om han her:

Ulrik byrja fotballkarriera si i Sædalen, der spelte han barnefotball. Seinare rykka han opp frå 6.divisjon med A-laget. Deretter rykka dei opp til 4.divisjon. Etter dette venta Fyllingsdalen ein halv sesong. Så gjekk ferden vidare til Sogndal og Sogndal 2. Ein halv sesong og to kampar ut i årets fekk Fredriksen prøva seg på toppfotball. Dette har han meistra meir enn godt. I 2017 har han også hatt sin debut på G18-landslaget.


Du har teke store steg i år. Korleis har det vore?


Det har vore kjekt. Lærerikt, har lært heile vegen. Så det er berre å halda fram med det, seier Ulrik.


Har du hatt nokre fotballheltar opp igjennom?

Ja, har jo hatt ein del heltar. Far min er jo eit døme på det. Eg har sett opp til han heile vegen. Eirik Huseklepp er ein annan helt. Han likte eg veldig godt når eg var yngre. «Hands» i fyrste kampen min var hans skot. Det er jo litt morosamt. Elles har eg hatt mange ulike personar som eg har sett opp til som fotballspelarar.

IMG_0374
Ulrik sin debutkamp i Eliteserien. Borte mot Haugesund. Foto: Rune Sjøberg


Kva er din beste eigenskap på bana og utanom bana?

På bana er det kanskje pasningsfoten. I garderoben er eg alltid litt klovn. Prøver alltid å vere positiv og glad.

G18_kamp_1
Landslagsdebut G18. Foto: Thomas Brekke Sæteren

Driv du med noko utanom fotballen?

I motsetnad til mange andre på laget så har eg fått eit venenettverk gjennom vidaregåande. Dei fleste der er vakse opp i Sogndal og veit kva ein kan finna på her. Har alltid ein god gjeng som eg pleier å vera med.


Kva er ditt beste minne i årets sesong?

Aalesundkampen under Lerum Cup var veldig kjekt. 1-0 seier og mykje å gjere heile vegen. Også hadde eg ein gjeng med Sædalsupporterar på tribuna. Dei traff eg dagen før, og fekk ein prat med gjengen.

Ulrik Fredriksen

  • Alder: 18

  • Vaks opp: Bergen

  • Posisjon: Forsvar

  • Kampar for Sogndal: 12

  • Draktnummer: 31

Annonse fra Obos-ligaen: