Med karriera på vent

Å koma tilbake frå skade krev sin mann. Lars Christian jobbar hardt og ser veldig fram til å koma attende på fotballbana.

Denne blide bergensaren starta fotballkarriera si på Bønes der han vaks opp. Sidan gjekk han til Brann i 14-15-års alder, og spelte for gutelaget, juniorlaget og så på Brann 2. Når han var 18 gjekk han til Fana som spelte i 2.divisjon. Deretter gjekk ferda vidare til Sogndal.


Årets sesong var ikkje heilt som du planla?


Eg hadde ein del planar og mål for årets sesong, og det gjekk rett i dass. Det var kjipt fordi eg følte eg byrja å finna formen no rett før ferien. Slikt skjer, og eg taklar det greitt. Fotballen blir utsett eitt år, men neste år skal eg køyra på.

Lars Christian Kjemhus MoldeB 2017 Foto - Rune Sjøberg (2)
Alltid full fart. Foto: Rune Sjøberg


Kva trur du er viktigaste faktor for å koma seg tilbake?

Viktigaste faktor må heilt klart vera motivasjon. Det er litt tungt å gå i gymmen. Dette året vart det ni månadar med skade og tre månadar med fotball. Ni månadar i gymmen og alternativ trening, det er jo tungt. Når dei andre går ut på bana, så skal du i gymmen med fysioterapeut, springe på mølla, og sjå i veggen. Eg tenkjer det går fint, og at eg får ein veldig lang pre-season no for neste år. Innsatsen eg legg ned no, det får eg veldig mykje att for til neste år.

Kva er det beste augneblikket i den kvite trøya?

Eg vil seie det er to augneblikk. Me slo Brann på Brann stadion i 2015, det var eit verkeleg stort augneblikk for meg. Det kjem eg ikkje til gløyme med det fyrste. Det andre som var stort, var å slå Molde på heimebane i 2016 der eg scora to mål. To fine mål, det var også spesielt og veldig kjekt.

Lars C. Kjemhus og Martin Ramsland MoldeH 2016 Foto - Rune Sjøberg
Jublar for mål mot Molde på heimebane 2016. Foto: Rune Sjøberg

Sjølvsagt opprykket også, men enkeltkampar så er det desse to.


Har du nokre fritidsinteresser utanom fotballen?

Ja, kva gjer no eg på? Eg likar å spele FIFA, sjå på seriar og henga med kompisar frå laget. Når eg får tid, så likar eg å spele golf. På hytta er det sjølivet som fristar, Det er mange ting eg likar, men det er ikkje alt eg gjer her.


Har du nokre mål vidare for karriera?

Mi målsetjing for fotballkarriera vidare er å levere til neste år, og eg har eit mål om å koma vidare frå Sogndal. Då veit eg kva som må til, og har planar om å gå inn for det.

Lars Christian Kjemhus

  • Alder: 23

  • Vaks opp: Bønes i Bergen

  • Kampar for Sogndal: 44

  • Posisjon: Midtbane

  • Draktnummer: 22

Annonse fra Obos-ligaen: