Meistring og moro

Årets Byrkjeloleikar vart nok ein skusses

Laurdag 9. september vart det for sjette året arrangert Byrkjeloleikane, ein aktivitetsdag for funksjonsnedsette i alle aldrar. Nærare 50 deltakarar tok i år turen til det som vart eit kjempefint arrangement. 

I år som tidlgiare fekk utøverane prøva seg og konkurrere i ulike aktivitetar som til dømes friidrettsøvingane lengdehopp, kast og løp, samt fotball og orionteringsløp. 

Idrettsgleden og innsatsen var på topp. Dette er eit arrangement der Meistring og MORO står i fokus.

Deltakarane utviser ein innsats og iver som er førebileteleg. Årets Byrkjeloleikar vart vel gjennomført og me gler oss til neste år.

Annonse fra Obos-ligaen: