Møt opp!

Eirik Bakke håpar på god hjelp frå vår tolvte mann på sundag.

På sundag klokka 16.00 går dei første kvalikkampane for opprykk for laga frå OBOS-ligaen.

På Color Line Stadion i Ålesund tek AaFK i mot Nest-Sotra, og på Fosshaugane Campus tek me i mot Vegard Skogheim sitt Ull/Kisa.

Om ein ser på dei ti siste kampane, ser me at det er gjengen frå Sotra som har avslutta sesongen kvassast. Dei står med 5 sigrar, to uavgjort og berre tre tap. Ein av dei sigrane kom mot Aalesund på Color Line.

Aalesund står med rekkja 5-1-4, Sogndal med 5-0-5 og Ull/Kisa 3-3-4. 

Når me går inn i kvaliken, er dette som cup å rekna og i cup kan alt skje. Me står foran ei særs spennande helg.

Me snakka med trenar Eirik Bakke i dag og han er klar på at me treng publikum i ryggen på sundag.

- Møt opp sjølv om det er bikkjekaldt, me treng vår tolvte mann! seier Eirik, som oppmodar folk om å dra på seg kjeledress og sokkabrok og støtta gutane.


1. kvalifiseringskamp for Eliteserien 2019
Sogndal - Ullensaker/Kisa
Fosshaugane Campus
Sundag klokka 16.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: