B2B Møtecup – ein suksess

Sogndal Campus: For første gang arrangerte Sogndal Fotball B2B Møtecup for sitt samarbeidsnettverk.

Tysdag 26. februar inviterte Sogndal Fotball til møtecup på Sogndal Campus. Fleire spennande bedrifter deltok og det var ei god summing i lokalet gjennom heile dagen.

- Dette var eit svært positivt arrangement og me har fått gode tilbakemeldingar gjennom heile dagen, fortel kommunikasjonsansvarleg Hilde Østbø i Sogndal Fotball.

- Møtecup er eit populært og godt kjend konsept i andre delar av landet, og er  fleire av våre samarbeidspartnarar har etterlyst. Det handlar om å skape ein møteplass der den einskilde bedrift enkelt kan kome i dialog med andre bedrifter, og av dekke om det er interesse for vidare dialog og samarbeid, seier Østbø.

Totalt var det 13 bedrifter frå ulike bransjar som deltok på møtecupen, og kvar bedrift hadde totalt 10 effektive møter.

B2b Møtecup 26.02.19_12
Geir S. Eithun frå NorEngros K.J. Brusdal As og Trond M. Helgesen Sparebanken Vest

Nytt konsept for fleire
Møtecup var eit nytt konsept for fleire av bedriftene som deltok i dag.

- Eg var litt spent på om dette var noko for oss, men dette har vore veldig positivt. Me har blitt kjend med fleire bedrifter og fått vite kva dei kan tilby. I tillegg har me fått delt våre ulike prosjekt og tenester, fortel Heidi Fossnes Helle i Nordbohus Sogn.

- Det gjeld å vere litt framoverlent og nytte sjansen til å vere med på møteplasser som dette. Det har vore ein effektiv og kjekk dag å vere med på, seier Marie Lindaas ved Idrettssenteret AS.  

B2b Møtecup 26.02.19_8
Marie Lindaas og Kristine Hus frå Idrettssenteret AS er på standen til Gosh PGP og Lene Hofslund Dulsvik

- Sogndal Fotball ynskjer å samle næringslivet i heile regionen. Gjennom å skape gode møteplassar og ha ulike aktivitetar gjennom året kan me oppnå dette. Møtecup er absolutt noko me skal arrangere igjen, og då håper eg at fleire hiver seg på, seier Østbø.

B2B Møtecup er ein møtestad der de som bedrift kan etablere kontakt med andre bedrifter. Det gjeld å jakte på dei gode møta; der møter á 10 minutter blir sett opp. Dette gjev tid til å presentere bedrift og bransje, knytta kontakt med nye personar, avtale framtidige møte og legge grunnlaget for framtidig business.

Ynskjer di bedrift å bli ein del av vårt sponsornettverk – ta kontakt med sals- og marknadssjef Terje Teigen for meir informasjon.

Annonse fra Obos-ligaen: