Nasjonal Eliteturnering på Fosshaugane

Til helga møtes fem G15 lag frå heile landet til turnering

Til helga møtes G15 lag frå Brann, Lillestrøm, Molde, Haugesund og Team Sogndal til Nasjonal eliteserieturnering.
Laga skal i alt spele 4 kampar kvar, så det vert totalt spelt 10 kampar à 2x25 minutt ute på Fosshaugane Campus.

Utviklingsansvarleg Anders Stadheim lovar mykje god fotball, og oppmodar folk å ta turen innom.

- Nasjonal Eliteturnering er ei turnering i regi av Norsk Toppfotball, der det er ca to helgetuneringar per kull i alderklassen 13 til 16 år. Dette er ei turnering der me møter dei beste laga og spelarane i dette årskullet, og er difor ei god referanse-turnering for våre gutar, fortel Stadheim.

- Team Sogndal består av dei beste spelarane frå Sogn og Fjordane i sin årsklasse. Til denne turneringa stiller me med tre Sogndalspelarar; Mathias Sundberg, Jonas Torvanger og Mikkel Erlandsen (Sjå heile troppen lengre ned), fortel Stadheim.

Team Sogndal vert leia av Sebastian Kaldestad og Tommy Øren.

Det vert spelt fem kampar begge dagane og forhåpentligvis masse gode prestasjonar.

Kiosken er open.

Lørdag 02. september:
11:00 Brann-LSK
12:00 Team Sogndal-Molde
13:30 Haugesund-LSK
15:00 Brann-Molde
16:00 Team Sogndal-Haugesund

Søndag 03. september
10:00 Molde-LSK
11:00 Brann-Haugesund
12:30 Team Sogndal-LSK
14:00 Molde-Haugesund
15:00 Brann-Team Sogndal

Her er troppen til Team Sogndal

1 Håvard Hetle Keeper
18 Håkon N. Berg H.back/kant
4 Thomas Hallstensen Midtstoppar
5 Niklas Hillersøy Midtstoppar
19 Bernard Breivik V.back
20 William Rakkenes V./H. back
25 Jonas Torvanger H.back/kant
7 Håvard Rosø Sentral midtbane /kant
24 Sondre Erdal Sentral midtbane /midtstopper
6 Mikkel Erlandsen Sentral midtbane
39 Vegard Halset Sentral midtbane
10 Brage Naustdal Sentral midtbane 
16 Jøran Skeide Kant
9 Mathias Sundberg Offensiv midtbane
14 Ruben Straume Holm Kant
13 Johannes G. Tenden Spiss
8 Filip P. Mardal Spiss

Annonse fra Obos-ligaen: