NM G19: Sogndal - Åsane

Kom og støtt gutta! Avspark laurdag klokka 15.00

I morgon er det 2. runde i NM for G19, og me tek i mot Åsane på Fosshaugane Campus.

Trenar Rune Bolli Bolseth håpar at mange kjem og støtter gutta i kampen om avansement til 3. runde.

- Me møter et bra fotballag, og dette blir ein jamn kamp, seier Bolli.

Vår gamle assistenttrenar på Sogndal 2, Håvard Øygarden, er no i Åsane og han har god kjennskap til kva som møter hans nye lag.

- Me gler oss til kamp, det vert gøy å møta Sogndal på Campus, seier ein spent Håvard.

- Sjølvsagt blir det veldig spesielt for meg å vera motstandar på Fosshaugane, eg har mange flotte minner frå tida i Sogndal Fotball, men i morgon er planen å skapa gode minner i Sogndal med Åsane, smiler vestfoldguten.

14025637514_693106f0ee_k

- Me har førebudd oss godt inn mot kampen, og det handlar om å skåra fleire mål enn motstandaren, og det har me klart mange ganger i år, seier Håvard, som ikkje vil røpa noko rundt taktikken.

 - Det skal bli veldig moro med 2 runde i cupen på Campus og eg håpar å sjå mange kjente fjes på tribuna, avsluttar Håvard Øygarden.

- Våre gutar må ta kampen, og me går sjølvsagt for vidare spel i NM. Laget består av gutar frå Sogndal 2, og me skal vera godt førebudde til kamp, seier Bolli.

Då laga møttes til treningskamp i vinter vart det 1-1, so dette ligg an til eit cupdrama. Møt opp og støtt gutta i denne nervepirrande kampen!

NM G19 - 2. runde
Sogndal - Åsane
Fosshaugane Campus
Laurdag 15.00

Annonse fra Obos-ligaen: