No treng me dykk!

Sogndal frir til publikum

Før helgas bortekamp mot Strømsgodset har me lik poengsum med Tromsø på kvalikkplass. Det er berre to poeng ned til Aalesund, og det er berre to poeng opp til neste lag på tabellen. 

Kampen for tilværelsen neste år blir ein thriller me ikkje har sett maken til på ei stund - og kvart einaste poeng vil vera teljande i dei fire kampane som står att.

Vår neste heimekamp mot Tromsø den 5. november blir kort sagt den viktigaste heimekampen me har spelt på fleire år! No frir me til publikum om å vera med oss i innspurten av Eliteserien 2017.

Heile stadion kr 100,-/bill
- Klubben ynskjer å få fleire folk på tribuna for å skapa eit fort på Fosshaugane Campus. Når laga kjem på bana skal det merkast at det er heimebana vår. Til kampen mot Tromsø sel me difor billettar til heile stadion for kr 100,-. pr. stk. Samstundes oppmodar me bedrifter til å kjøpe billettar til sine tilsette, fortel dagleg leiar Egil Mundal.

Kjøp din kampbillett her

Saman Fylkes 1600x900

Næringslivet med på laget

- Me har allereie våre i kontakt med ulike verksemde i bygda, og til no har me fått positiv respons på tiltaket. Me kjem til å kontakte fleire i løpet av veka, seier Mundal som er klar på at heile Sogn og Fjordane må vere med å mobilisere til kamp.

Trufaste supportarar
Me må heller ikkje gløyme dei som alltid stillar på kamp, uansett ver og vind. No treng laget støtta dykka meir enn nokon gang.

Kjøp din kampbillett her

Ynskjer du å bestille billettar til di bedrift?

Ta kontakt med arrangementsjef Geir Inge Heggestad på [email protected] eller 480 06 162

Annonse fra Obos-ligaen: