- No var me oss sjølve att!

Eirik nøgd etter generalprøven.

Me slo Brann i generalprøven i Vestlandshallen med 2-1

Etter nokre kampar med lite energi, få sjansar og mange mål i mot, reiste karane seg mot Brann. Med stor innsats leverte gutta ein godkjent generalprøve då dei slo Brann 2-1 i Vestlandshallen.

Me kom raskt under då Børven sendte heimelaget opp i føringa etter berre nokre minutt av kampen, men gutta stod på og produserte sjansar som hadde fortent betre utteljing.

I andre omgang kom måla. Først tvang Gilbert Koomson fram eit sjølvmål, før han like etter kapra ballen på eigen banehalvdel, slo på turboen og sprang lett frå heile Bergen på eit 70-metersløp med ballen i beina. 2-1 til Sogndal, som vart sluttresultatet.

Sjå kva kaptein Henrik Furebotn og trenar Eirik Bakke sa etter kampslutt.


Les meir om kampen:

Endeleg kunne Bakke dra på smilebandet (Sogn Avis)

Koomson sprang over 70 meter med ballen og scora (Sogn Avis)

Firda LIVE

Koomson sikra siger mot Brann i generalprøven (NRK)

Annonse fra Obos-ligaen: