Våre lag på Norwaycup

Sogndal har denne veka fire lag i aksjon på årets Norwaycup

I år er det Sogndal J14, J15/16, G14 Kvit og G14 Oransje som representerer Sogndal Fotball på Ekebergsletta.

Laga er kome godt i gong, og her er ei lita oppdatering.

Sogndal Gutter 14 har hatt ein fin turnering så langt, og stiler med to lag i turneringa. For Sogndal Orange starta det med tap 2-0 mot Manglerud Star i ein svært jevn kamp, og tap 3-0 mot Bremnes i andre kamp, der Sogndal var redusert pga av sykdom.

Laget heva seg så til den siste kampen og vann svært fortent 1-0 mot Kongsvinger. Laget hamna da i B-sluttspillet der dei møtte Skeid. 

Vidare til 16-delsfinale
Etter ein solid 4-1 siger over Skeid er Sogndal orange no vidare til 16- delsfinale. Meget solid forsvarsspill og fire fine mål. Joakim Ellingsen sette standarden med eitt raid etter 2 minutt der han avslutta med eit hardt skot i mål. Torbjørn Hågård fulgte opp med å sette to mål der det siste var ein herleg volley. 4-0 vart så sett inn av Eirik Tandle med ein kanon via tverrleggaren etter corner.

16-delsfinalene blir spelt i dag (onsdag) kl.1845 på Abdilsø mot Notodden.

Sogndal Kvit har imponert i gruppespelet og vunne alle kampane. Dei starta med å slå Kolbu enkelt 5-1, før dei slo Treff 2-1 i ein tett og jemn kamp, og Grei 1-0 i ein spennande siste kamp.

Sogndal Kvit er no i A-sluttspel og møter Kolbotn kl.13:30 i dag (onsdag)

Mellom kampene har det vært sosialt med bading og pizzakveld

Sogndal J14
Jentene vann første kamp 3-1, tap i andre kamp mot eit sterkt lag.
0-0 i siste innleiande kamp.

Er no vidare i a- slutt spel. Har kamp i morgon kl 09.05 som er TV kamp. ( 2/8). Jentene/ laget har de veldig bra her på Norway cup.

Sogndal J14-1
Sogndal J14 på Norwaycup
Sogndal J15.16 Norwaycup 2018
Sogndal J15.16 Norwaycup 2018

Sogndal J15/16
2 tap og 1 seier i innleiande. Nr. 3 i gruppa, enda i B-sluttspel. 

Vann 5-1 over Sokndal i 1/16 finalen. Målscorarar var Dorte Stedje, Aisha Frøyland, Kristine Foss, Annika Flåten og Maria Sætre Veum. 

No ventar Lesja IL/Dombås i 1/8 finalen onsdag kl.16.15.

Annonse fra Obos-ligaen: