Nye kontraktar signert

Birkelund, Øy og Flo forlengar, Fredriksen med kontrakt.

Sportsleg leiar Håvard Flo har sikra seg signaturen til fire unge spelarar.

Eirik Birkelund har signert ein ny avtale! Den nye kontrakten går til 31/12 2019.

- Det at Eirik valde å resignere med oss, er me veldig glade for, seier Flo

- Eirik er ein veldig flott type som har spelt masse etter at han kom til Sogndal frå Brann. Han er etablert i laget, og ein viktig mann som er med og drar lasset. Me håpar at han vil ta nye steg og utvikle seg vidare, seier Flo.

Utviklingsspelarane Edin Øy og Fredrik Flo sine kontraktar ville gått ut etter årets sesong. Dei blir med vidare med nye avtalar. Fredrik sin avtale går til 31/12 2019. Edin sin avtale går til 22/7 2020.

- Desse spelarane er det me ser som utviklingsspelarar, og dei har til no vore "lærlinger" i klubben. Med sine låneopphald i andre klubbar, har dei gjort seg verdifulle og gode erfaringar som har utvikla dei som spelarar, seier Flo.

Edin var i Førde i fjor og i Fana i år, Fredrik var i Fana i fjor. Begge har vist fin progresjon. Når me no forlengar avtalane, er det med på å synleggjere at dette er gutar me har trua på og som me vil ha med vidare i klubben.

For Fredrik og Edin er det no viktig at dei held fram med sin fine utvikling med å jobbe hardt i kvardagen slik at dei er rusta til å gripe sjansen når den kjem.

Ulrik Fredriksen sin iherdige jobbing frå han kom til Sogndal som hospitant og fram til no, blir kruna med kontrakt. Den går fram til 1/5 2020. Den unge bergensaren stod på B-lista i årets sesong, men har no fått A-kontrakt.

- Ulrik har verkeleg stått på og jobba hardt i den perioden han har vore med oss, seier Flo.

- Måten Ulrik stod fram då han fekk sjansen, gjorde oss trygge på at dette er ein mann for framtida. No er det viktig at han utviklar seg vidare og set seg nye mål, avsluttar Flo

Annonse fra Obos-ligaen: