OLE FORTENER DET

Ole Amund Sveen er nominert til MOT-pris

- Førebilete er utruleg viktig for arbeidet vårt med å utvikla robuste ungdomar som inkluderer alle. Me veit at rollemodelleffekten er enorm, og difor er det utruleg viktig å løfta fram gode rollemodellar som me gjer med MOT-prisen, seier ambassadøransvarleg i MOT, Ingrid Ness Rolland i ei pressemelding.
 
Kriteriane for å vinna MOT-prisen er at den skal gå til ein spelar som er bevisst si rolle som førebilete for born og unge, bryr seg om medspelarane sine og viser respekt for både dommar og motspelarar. Det er spelarane frå Eliteserien som sjølv avgjer kven som stikk av med den gjeve prisen som vert delt ut 3.desember under årets NISO Awards.

Kjekt og overraskande å bli nominert
- Dette kom som ei overrasking. Eg har prøvd å vere positiv og hjelpe til det eg kan rundt laget, medan eg sjølv er i ein tung skadesituasjon. Gjennom å motivere andre til å halde humøret oppe har dette også hjulpet på min eigen motivasjon og humør, fortel ein audmjuk Ole Amund Sveen.

- Eg ser ikkje på meg sjølv som eit førebilete, men ein ynskjer jo sjølvsagt å vere det. Så difor jobbar ein etter å vere den beste utgåva av seg sjølv.

- Ein ynskjer å framstå som ein profesjonell utøvar slik at yngre spelarar kan sjå korleis det bør vera. Dei eg såg opp til som liten har lagt grunnlaget for korleis eg er blitt som idrettsutøvar, fortel Sveen.

Førebileter som Solskjær og Dæhlie
- Mine førebileter når eg var yngre var alt frå eldre gutar på skulen, foreldre, til fotballstjerner som Ole Gunnar Solskjær og langrennsløpar Bjørn Dæhlie. Eg trur det er viktig å ha både lokale førebileter og dei som er i ei større rolle i både nasjonal og internasjonal samanheng, fortel Sveen.

- Fortener det
Her er grunngjevinga som er sendt inn frå oss: 
 «Ole fortener det! Har hatt humøret oppe etter lang skadeperiode, bidreg veldig i gruppa sjølv om han ikkje er ute på bana for tida og inkluderer alle. En god mann som tek like godt vare på dei ny spelarane som dei gamle. Er eit fint førebilete til unge og tek seg tid til en liten prat med unge fotballspelarar som ser opp til han. Stiller opp på ting for klubben utan ei sur mine. En fin MOT-kandidat».

Annonse fra Obos-ligaen: