Oppdatering frå skadestova

Slik er situasjonen før helga.

Me svingte innom medisinsk ansvarleg Trond Vegard Ripe for ein situasjonsrapport før helgas kamp mot Nest-Sotra.

- Det ser ganske greitt ut etter kampen mot Viking, ingen nye på skadelista, seier Trond Vegard.

Det vil då seie at det per no er fire som ikkje er i full trening, resten er klare og aktuelle for troppen til helga, minus Sigurd Haugen, som må stå over med karantene for fire gule kort.

Martin Ramsland vart operert for ni veker sidan og er under opptrening. Det ser ut til at han er ute resten av sesongen.

Ole Amund Sveen er óg fortsatt under opptrening, og ute denne sesongen.

Ole Martin Rindarøy er under utgreiing, og ute inntil vidare.

Markus Brændsrød er ute med ein lyskeskade inntil vidare.

Stao no pao!

Annonse fra Obos-ligaen: