Oppkøyringa mot seriestart

Her er ein førebels oversikt over forsesongen 2018

Det er eit nytt år og ein ny sesong står for tur. I år skal me spela i OBOS-ligaen, og det gjer at me får ein litt lenger forsesong enn om me hadde stått i Eliteserien.

Karane kjem tilbake frå ferie i midten av januar, med treningsoppstart tysdag 16/1. 

Alle treningskampane i år skal gå her i Sogndal, noko som gjer at reisebelastninga blir mindre, og sogningane får sjansen til å sjå gutane i aksjon.

Det blir to turar til varmare strøk i år: To veker på Gran Canaria og ei god veke i Marbella.

Me skal vera godt førebudde til seriestart, som i år er borte mot Aalesund.

Her er ein førebels oversikt over nøkkeldatoane:

16/1 - Treningsoppstart i Sognahallen 10.30
20/1 - Treningskamp Sogndal - Florø kl. 14.00
27/1 - Treningskamp Sogndal - Lillestrøm kl. 15.30

31/1 - Avreise til Gran Canaria
31/1 - 14/2 Treningsleir Gran Canaria
6/2 - Treningskamp Sogndal –Las Palmas B (Maspalomas Stadion, Gran Canaria) kl 12.15

23/2 - Treningskamp Sogndal - Florø kl. 19.00
3/3 - Treningskamp Sogndal - Brann kl. 14.00
9/3 - Treningskamp Sogndal - Hødd kl. 19.00

11/3 - Avreise til Malaga
11/3 - 19/3 Treningsleir Marbella
15/3 Treningskamp Sogndal – Nest Sotra*
18/3 - Treningskamp Sogndal – HamKam*
* Kampstarttidspunkt for desse kampane kjem seinare.

26/3 - Treningskamp Sogndal - Åsane (generalprøve) kl. 16.00

3/4 - Seriestart Aalesund - Sogndal kl. 19.00

Klikk her for info om Sesongkort 2018.

Annonse fra Obos-ligaen: