Osteopaten Omenås

Tarjei likar seg i Sogndal. Bli betre kjend med sunnmøringen her:

Tarjei starta å spele fotball i klubben Herd i Ålesund som femåring. Her vart han fram til han var 16 år, då vart han henta av Lyn. Samstundes med dette gjekk han på NTG (vidaregåande) i Oslo. Han spelte i Lyn fram til dei diverre gjekk konkurs. Difor gjekk han vidare til Skeid. Lyn kom seg opp att i 2.divisjon og han returnerte dit. Var der nokre år, før fotballferda gjekk vidare til Hønefoss og Strømmen. Før årets sesong kom han til Sogndal.


Korleis var det å koma inn som ny i klubben?


Det har gått veldig fint. Sogndal er ikkje så stor plass, så dei har lært seg å ta vare på nye folk. Dette merkar eg godt. I tilegg hadde eg nokre kjenningar både frå Strømmen og Oslofotballen her.

Peptalk FjøraH 2017 Foto - Rune Sjøberg
Tarjei var keeper på lokaloppgjer i cupen. Sogndal mot Fjøra. Foto: Rune Sjøberg


Driv du med noko utanom fotballen?


Eg er jo Osteopat, snart ferdig. Har levert alle eksamenar og bestått, men manglar litt praksis som eg skal ta no etter haustsesongen. To dagar i veka jobbar eg på Campus Helse. Utanom det så er det ikkje så mykje anna enn fotball og jobbing. Oppdatering på faget syns eg er kjekt. Så er eg glad i litt fjellturar.


Har du hatt nokre heltar oppover i di fotballkarriere og er det viktig?


Eg har hatt mange heltar opp over i systemet i Ålesund. Sjølv om Herd ikkje er så stor klubb, så såg eg opp til A-lagsspelarane der. I tillegg så har eg sett opp til trenarar som har vore gode fotballspelarar. Så det er ekstremt viktig for oss å stå fram som gode førebilete. Å stå fram som sunne og hyggjelege personar. Det er også viktig å vise kva arbeid som skal til for å bli fotballspelar. Ja, det handlar om å ha det kjekt, men det handlar også om å tore å trene hardt og strukturert. Eg trur det er lurt å trene kjekt, men ordentleg.

Tarjei Aase Omenås trening 2017 (1)
Det er viktig å trene på ein ordentleg, men kjekk måte. Foto: Rune Sjøberg

Kva eigenskapar er dine beste utanfor bana?

Utanfor bana er det kanskje det å sjå andre. Når folk treng hjelp, så er eg omtenksam. Også er det å tulle, gjere ting ufarleg og skape humør.

Tarjei Aase Omenås

  • Alder: 25

  • Vaks opp: Ålesund

  • Posisjon: Keeper

  • Kampar for Sogndal: 2 cupkampar

  • Draktnummer: 13

Annonse fra Obos-ligaen: