På veg mot Ullevaal

1. runde i NM: Stryn - Sogndal i dag klokka 18.00

Då er me klare for nok eit cupeventyr - og denne gongen har me tenkt at me skal vera med heilt til siste slutt. I dag startar me på vegen til Ullevaal.

Me var der i 1976, men tapte mot Brann. I fjor gjekk juniorane våre heile vegen i NM og vann ein fortent siger mot Rosenborg i cupfinalen. I år har Eirik Bakke sine menn planar om å ta pokalen heim til Saftbygda.

Dei som var på kampen i går mellom Fjøra og Florø, fekk sjå ein kamp som hadde alt. Det var gule og raude kort, sugande taklingar og utlikning i sluttsekunda, ekstraomganger og ein særs lang straffekonk. Det var rett og slett ein skikkeleg cupkamp med nerve.

Me håpar me får ein slik kamp i kveld også, mellom Stryn og Sogndal. Ta turen til Fagre Stryn, og støtt karane. Eirik Bakke har med seg denne troppen oppover:

Mathias Lønne Dyngeland, Håvard Hetle, Per Magnus Steiring, Tomas Totland, Ulrik Fredriksen, Jonas Fredriksen, Eirik Lereng, Eivind Helgesen, Adrian Solberg, Eirik Schulze, Eirik Birkelund, Joachim Soltvedt, Sixten Jensen, Sivert Mannsverk, Johan Flo, Ulrik Flo, Badou, Ole Amund Sveen..

Avspark på Stryn Stadion klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: