Pao lag med Lerum

Sogndal Fotball og Lerum forlengjer det lengste samarbeidet i norsk toppfotball ytterlegare.

Generalsponsor Lerum har skrive ny samarbeidsavtale med Sogndal Fotball for 3 nye år.

- Lerum og Sogndal Fotball har samarbeida sidan 1981. Det har vore eit samarbeid som har vore tufta på gjensidig respekt og tillit. Begge ynskjer me å bidra til utvikling av det samfunnet me er ein del av. I tillegg er me begge i ein knalltøff bransje der konkurransen er stor. At vesle Sogndal har eit toppfotballag og ein stor næringsmiddelaktør i bygda, er noko me er stolte av, seier administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug.


Sidan den fyrste avtalen blei signert i 1981 har Lerum gitt Sogndal Fotball moglegheita til å satsa på toppfotball med utgangspunkt i Sogndal og Sogn og Fjordane.  Gjennom alle desse åra har Lerum vore ein viktig bidragsytar til at Sogndal Fotball er der dei er i dag.

- Bygda og regionen har vorte løfta av fotballen, og det er klart at me i Lerum er stolte over å ha vore ein av mange bidragsytarar til at satsinga gir slike frukter, fortel Trine Lerum Hjellhaug.

- Lerum har vore ein viktig bidragsytar til klubben i ein årrekke. Dei vore med i medgang og motgang, og bidrege til at klubben har kunna satsa langsiktig, fortel Hilde Østbø i Sogndal Fotball.

- Spela kvarandre gode og tenke større enn seg sjølv er nærliggande for begge organisasjonane. Lerum og Sogndal Fotball høyrer i hop, og alt ligg til rette for at me skal halde fram å lære av kvarandre og utvikle oss vidare. At me held fram det gode samarbeidet i Saftbygda er noko me er stolt over, avsluttar Østbø.

Stao no pao for Sogndal Fotball og Lerum

Ytterlegare informasjon/pressekontakt:

Trine Lerum Hjellhaug
Administrerande direktør
Lerum AS
97 54 50 91
[email protected]

Hilde Østbø
Kommunikasjonsansvarleg                   
Sogndal Fotball
900 66 554
[email protected]

Annonse fra Obos-ligaen: