PÅSKEKRIM FRÅ SOGNDAL FOTBALL

Kven myrda Håvard Flo?

Det ligg ei mørk sky over Fosshaugane denne påska. Poengfangsten har uteblitt, det er laber stemning og spelarane vil til større klubbar.

Sportsleg leiar Håvard Flo er under sterkt press. Frå styret, klubbleiinga, spelargruppa og trenarteamet. 

Joachim Soltvedt dunka inn mål etter mål i sesongoppkøyringa. Venstresleggjao er ein snakkis på bygda, men bergensaren er vraka frå laget og har ikkje fått spelt eitt minutt av sesongen, sjølv om laget har til gode å skåra mål etter seks seriekampar. Håvard Flo blanda seg inn før sesongstart og nekta trenar Eirik Bakke å bruka midtbanespelaren. Ingen veit kvifor.

Sol vil til Brann, Flo nektar å selge han. - Det kan du berre gløyme! sa han då Sol tagg om å få reisa til byen.

- Eg trur Flo er sur for at eg har eit betre skot enn han nokon sinne kunne drauma om! snerra Sol i garderoben, før har reiv med seg telefonen og gjekk på bana for å ha eigen skottrening.

Etter ei stund ringer Lars Arne Nilsen, trenaren til Brann. Dei har lenge snakka om å få Joachim "hem".


- Eg SKAL hem til Bergen! freser Sol og dundrar ballen i krysset.

Nede i klubbkontora er det høg temperatur.

Ole Gunnar Solskjær har ringt Flo. Han treng ein midtbanespelar til Manchester United, og har alltid hatt eit godt auga for elegante Eirik Schulze. Flo er veldig interessert i sal, noko som vil gi sårt tiltrengte millionar i klubbkassa. Han gnir seg i henda. - No skal me få millionar på bok, og eg blir helten! humrar han for seg sjølv.

Salet blir ikkje godt motteke. Ikkje i det heile teke. I kontorlokala er det Liverpool som er klubben man heiar på. Slik er det, og slik har det alltid vore. Det går då berre ikkje an å selgja ein spelar til Manchester United.

Marknadssjef Terje Teigen og arrangementsmedarbeidar Ørjan Hjellhaug er rasande når dei diskuterar salet av Schulze.




Hovudpersonen sjølv i overgangen er ikkje glad. Eirik Schulze har hatt Leeds United på maten sidan han gjekk med bleier, og har alltid hatt ein draum å få spela med drakt nummer 19 i den kvite trøya.

Eirik Bakke spelte i Leeds i ei årrekkje, og han er i harnisk over planane til sportssjefen. For Bakke er det kun eitt lag i England. Det var salet av han som bana veg for mykje av det som kunne skje med Sogndal Fotball på starten av tusenåret. Han er fortsatt legendarisk på Elland Road. Skal nokon av hans spelarar til England, er det kun Leeds som er godt nok.


Flo har møte på kontoret. Det endar ikkje godt! 


Kven myrda Håvard Flo?

Svaret skriv du i kommentarfeltet under!

God påske!

Tekst og video: Ariel Lillestøl og Rune Sjøberg. Takk til sjølvaste krimkonge Rune Timberlid for idéar.

NB! Ingen andre enn Anders Stadheim vart skada under innspelinga, han fekk ein brist i stemmebanda.

Annonse fra Obos-ligaen: