Poengdeling i Mjøndalen

Mållaust i sola

Det vart 0-0 og poengdeling mellom Mjøndalen og Sogndal på Isachsen Stadion i Nedre Eiker i ettermiddag.


Me hadde nokre gode forsøk og kunne fort fått ein skåring. Bakerst hadde Mathias Lønne Dyngeland god kontroll på det som kom.

Det var eit veldig ungt lag Eirik Bakke starta med i dag, der Tomas Totland fekk sin debut frå start på venstre back. Slik starta Sogndal:

Sogndal (4-3-3): Mathias Dyngeland - Akeem Latifu, Per-Magnus Steiring, Reiss Greenidge, Tomas Totland - Eirik Schulze, Johan Hove, Sixten Jensen - Stanisa Mandic, Ulrik Fredriksen, Joachim Soltvedt

Benken: Kjetil Haug, Eirik Birkelund, Didé Fofana, Sigurd Haugen, Lars Christian Kjemhus, Ulrik Flo, Kasper Nissen

Les om kampen i Sogn Avis

Kampreferat Firda Live

Trenar Eirik Bakke var nøgd med jobben gutane la ned, men også tydeleg på at me har ein del å jobba med.



Kaptein Mathias Lønne Dyngeland har berre henta ein ball ut av nettet i år, og kom som vanleg med ein god oppsummering av kampen.

På onsdag er det cup, og me skal møta Øystese i første runde.

Neste helg får ne besøk av Kongsvinger i serien, og billett til den kampen kjøper du her

Annonse fra Obos-ligaen: