Poengdeling mot Godset

Martin skåra eit flott mål

Det vart 1-1 og poengdeling mot Strømsgodset i kveldens oppgjer på Fosshaugane Campus. Marnardølen Martin Ramsland skåra eit flott mål på eit like flott framspel av mandalitt Eirik Schulze. Litt sørlandsmagi på Fosshaugane.


Sogn Avis: Ramsland berga poeng for Sogndal

Det starta litt fram og tilbake. Strømsgodset hadde ein ball i tverrleggjaren bak Mathias Dyngeland i starten, og i det 14. minuttet tok bortelaget leiinga ved Bassel Jradi.

Me spelte oss meir inn i kampen, og etter 31 minutt slo altså sørlendingane våre til og prikka inn 1-1, som vart pause- og sluttresultatet.

Sogn Avis: Ramsland takka Bøe etter scoringa

NRK om kampen

NRK: Endeleg sat han for duracell-Ramsland

Kampstatistikk

Etter runde 4 ligg me på ein 11. plass med 4 poeng og 6-8 i målskilnad. På søndag skal me til Oslo. Der får me ei hard oppgåve mot eit Vålerenga som vart sendt heim frå Molde med 0-4 og halen mellom beina. 

- Det er på tide at me opnar poengkontoen på bortebane, sa trenar Eirik Bakke etter dagens kamp. Det skjer på Ullevaal til helga.

Annonse: