Poengdeling mot Sarpsborg 08

Det vart 3-3 i ein tett og spennande kamp på Fosshaugane

Det vart 3-3 og poengdeling mot Sarpsborg 08 i Eliteseriens 26. runde.


Østfoldlaget tok raskt føringa i kampen, og det var vår gamle silkefot Ole Jørgen Halvorsen som etter berre 5 minutt la eit perfekt innlegg til Diatta som heada kontant i mål.

Våre gutar snudde kampen etter at dei la ned ein heroisk innsats. Etter litt klabb og babb i feltet landa ballen foran Kjetil Wæhler som banka kula kontant i nota etter 22 minutt. Med det er Kjetil den eldste som har skåra i Eliteserien gjennom alle tider.

Fire minutt etter skåringa vann Kjetil ein ny duell og fekk ballen til Reiss Greenidge som ekspederte den vidare til Gilbert Koomson. Gilbert vendte vekk ein svimmel Armin Askar og planta ballen nede ved stolperota. 2-1 til heimelaget.

Kampens høgdepunkt kom etter 39 minutt. Martin Ramsland fekk ballen på eigen banehalvdel og fossa framover. Til venstre kom Ole Martin Rindarøy stormande og Martin venta med perfekt timing før han spelte heimedebutanten igjennom. Ein elegant chip over keeper og 3-1, som vart pauseresultatet.


Særpingane fekk ein tidleg skåring etter kvilen ved Lund Nielsen, og det var same mann som utlikna i det 88. minuttet.

Dermed vart det eit surt poengtap mot eit av dei beste laga i landet.

- Når me ligg to mål foran, skal me vinna her heime på Fosshaugane, sa ein skuffa trenar Eirik Bakke etter kampen.



Også Mathias Lønne Dyngeland var skuffa etter poengtapet.

Vår gamle ven Ole Jørgen har ein spennande haust i vente. Nå skal Sarpsborg jaga medalje i Eliteserien, og i desember får me sjå den sympatiske guten frå Borg i cupfinalen på Ullevaal. Etter det har han tenkt seg "heim" til Sogn, og det er sjølvsagt jakt det er snakk om. Då går hjorten i Fjærland ein usikker førjulstid i møte.


Til helga skal me til Drammen og kamp mot Strømsgodset. Helga etter er det ein veldig viktig batalje her på Fosshaugane. Då kjem Tromsø, og då må alle som kan krypa og gå kle seg i svart og kvitt og koma seg på kamp for å støtta gutane.

Neste heimekamp går søndag 5.november klokka 18.00 på Fosshaugane Campus, og billetten får du kjøpt her.

Annonse fra Obos-ligaen: