Psyché har forlenga

Franskmannen blir verande i Sogndal

Christophe Charles Steven René Psyché (f. 28. juli 1988) og Sogndal Fotball signerte i dag ei ny avtale som går ut sesongen 2018. Den gamle avtalen gjekk ut etter årets sesong.

Christophe har diverre vore ute med achillesskade mesteparten av årets sesong, men er no tilbake på fotballbana, og sist helg spelte han ein omgang då Sogndal 2 avslutta opprykksåret med 8-1 over Dale.

- Det at Christophe no har forlenga, er veldig kjekt! seier ein nøgd sportsleg leiar Håvard Flo.

Med familien i Belgia og mange år i Norge, låg det litt i korta at han ville reisa etter sesongslutt, men so kom skaden og vegen vidare fekk ein liten sving.

- Christophe har vore ein lojal og særs god spelar i kvitedrakta, det er difor me vil ha han med oss vidare. Samstundes er det klart at skaden gjorde det litt vanskelegare for han å få seg ein ny klubb, og då såg me at det var det beste for alle partar at me forlenga samarbeidet med eit år, seier Flo.

Trenar Eirik Bakke er veldig glad for at Christophe no er klar for nok ein sesong.

- Christophe er ein av dei som har vore med heile tida i min periode som trenar. Han er ein gut som alltid står på og som blør for drakti, slike gutar vil me ha her i Sogndal.


- Eg likar meg veldig godt her i Sogndal, og er glad for at ein ny avtale er i boks, fortel Christophe.

- Det har vore tungt å sjå dei andre spela medan eg har hatt to skadeavbrekk etter sesongen i fjor. No er eg i god fysisk form, og eg gleder meg til å spela skikkelege fotballkampar, seier Christophe.

Christophe Psyché kom til Kristiansund i 2011 etter spel for Oslo City i 2. divisjon og Løv Ham ein halv sesong i 1. divisjon.. I 2013 gjekk turen vidare til HamKam, før han i juli 2014 vart Sogndal-spelar.

Hjå oss har han hatt ein veldig positiv utvikling, og i løpet av tida her har han spelt 79 kampar og skåra 7 mål. Han har gjort sine saker so bra at han i fjor vart kåra til Årets Spelar i Sogn Avis.

- Når Christophe er skadefri og i form, slik som i fjor, er han ein veldig god fotballspelar som held eit høgt nivå. Han er óg ein veldig bra mann i gruppa. Me ser fram til tida vidare med Chrtistophe her i Sogndal, avsluttar Håvard Flo.

Annonse fra Obos-ligaen: