RANHEIM - SOGNDAL

2. kvalikkamp, Extra Arena, avspark klokka 18.00

Me er framme ved den aller siste kampdagen i årets sesong.

I kveld skal det avgjerast, og me har det beste utgangspunktet før den andre kvalikkampen. Me slo Ranheim 1-0 i den første kampen på Fosshaugane Campus.

Premien for samanlagtsigeren over to kampar er særs attraktiv: Spel i Eliteserien 2018.

Klokka 18.00 brakar det laust på Extra Arena i Ranheim: 
Ranheim - Sogndal.

Dommar i dagens kamp er Tore Hansen. Jon-Michael Knutsen og Harald Strand er assistentar og Kim Rune Østerlie Borgersen er 4. dommar

Dette er dagens kamptropp:
Mathias Lønne Dyngeland, Tarjei Omenås, Even Hovland, Bendik Bye, Johan Hove, Eirik Skaasheim, Ole Martin Rindarøy, Gilbert Koomson, Taijo Teniste, Chidiebere Nwakali, Reiss Greenidge, Martin Ramsland, Markus Brændsrød, Joachim Soltvedt, Eirik Schulze, Per Magnus Steiring, Bjørn Inge Utvik, Kjetil Wæhler og Stanisa Mandic.

Her i Trondheim er det mildt og regn. Under kampen meiner Yr at me skal få rundt 6 plussgrader og frisk bris, med litt småregn innimellom.

Ranheim - Sogndal
Extra Arena, Ranheim
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse: