RAUFOSS - SOGNDAL

2. runde NM

Me er på veg til Ullevaal!

I første runde hadde me verdas kortaste reise; då spelte me mot Fjøra på Fosshaugane Campus.

I andre runde fekk me litt lenger tur, til Raufoss på Toten. Sveinung fekk oss trygt over fjellet, og me kom til Mjøsas bredd litt utpå kveldinga i går. Gutta har hatt ei god natts søvn på Gjøvik, og er klare til cupfest.

Dette  er dagens kamptropp:
Mathias L.Dyngeland, Tarjei Aa. Omenås, Taijo Teniste, Eirik Skaasheim, Henrik Furebotn, Ulrik Fredriksen, Walid Atta, Espen Næss Lund, Simen Brekkhus, Kristin Jónsson, Eirik Birkelund, Johan Hove, Gilbert Koomson, Eirik Schulze, Martin Ramsland, Bendik Bye, Fredrik Flo og Sivert Mannsverk.

Som me ser har me ein ung årdøl med på tur i dag. Førstereisguten Sivert Mannsverk har oppført seg bra so langt, slik årdøler flest.

I dag gjeld det at gutta er påskrudde frå start. Raufoss spelte OBOS-liga i fjor, og har hatt ein bra start på årets sesong. Me skal ikkje gå ut på Nammo Stadion og tru at billetten til tredje runde er sikra før kampen er spelt.  Me møter eit godt fotballag. Cup er cup, og dette kan bli eit nervedrama. Det er jo det som er so sjarmerande med cupen!

Les på Raufoss Fotball sin heimeside: VELKOMMEN TIL TOTEN, SOGNDAL!

Toten har vist seg fram frå si beste side so langt, med flott vêr og hyggelege folk. Me gler oss til kamp!

2. runde NM
Raufoss - Sogndal
Nammo Stadion
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: