Vil du jobbe med oss?

Me søkjer ny sals- og marknadssjef

Sogndal Fotball har sidan tidleg 80-talet vore ein toppklubb i norsk fotball. Samstundes er Sogndal Fotball ein viktig utviklingsaktør i vår region med eit stort samfunnsansvar. Me skal vera ei drivkraft for utvikling med utgangspunkt i miljøet på Fosshaugane – Campus Sogndal. Me skal etablere arenaer for innovasjon og entreprenørskap og vidareutvikle samspelet mellom dei frivillige og profesjonelle miljøa. Sportsleg har me mål om å etablere oss mellom dei 12 beste fotballklubbane på herresida i norsk fotball med utgangspunkt i vår visjon «Utviklingsarena for toppfotball». Våre kjerneverdiar er «Ambisiøse og utviklande - Inkluderande og ærlege».

Me søkjer sals- og marknadssjef - søk her

Som sals- og marknadssjef i Sogndal IL Fotball vil du vera ein del av ein klubb og ei verksemd med kunnskapsrike og dyktige tilsette. Det er viktig for oss å kunne møte morgondagens utfordringar, der lidenskap for klubben er avgjerande. Du vil få arbeide med motiverte menneske som er opptekne av å skapa resultat for klubben, og di oppgåve er å ta ansvar for vårt sal- og marknadsarbeid.

Ansvarsområde:

  • Skape og utvikle gode sponsorrelasjonar.
  • Utvikle salsarbeidet i konsernet mot både privat- og bedriftsmarknaden.
  • Drive aktivt oppsøkande sal ovanfor nye og eksisterande samarbeidspartnarar.
  • Gjennomføre forhandlingar og kontraktinngåing.
  • Planlegge og følgje opp aktivitetar for sal og levering.
  • Økonomisk styring og rapportering med tilhøyrande resultatansvar

Sogndal Fotball ynskjer deg som har:

  • Høgare utdanning, gjerne med relevant erfaring
  • Erfaring frå relevant salsarbeid
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Godt nettverk i Sogn og Fjordane, med omeng
  • Kjennskap til ulike Adobeverktøy er ynskjeleg, men ikkje avgjerdande
  • Handlekraftig, strukturert og tilpasningsdyktig

Me tilbyr: 

  • Utfordrande, spanande og varierte arbeidsoppgåver
  • Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø

Arbeidsstad er Sogndal.

Har du spørsmål, kontakt konsulent Renate Buene i Adecco Select,
tlf. 48042001, [email protected] eller dagleg leiar Hilde Østbø i Sogndal IL Fotball, tlf. 900 66 554.

Kortfatta søknad med CV sendast seinast 05.08.18 til Adecco.
Alle spørsmål, henvendingar og søknader vert handsama konfidensielt, inntil noko anna er avtala.

Søknadsfrist: 5.august

Søk på stillinga her

Annonse fra Obos-ligaen: