Saman Kaffibar på Campus

I dag opna ein ny møteplass på Fosshaugane

Kaffi og studentar heng tett saman. No kan du kjøpe deg ein god latte eller ein konsentrasjonsskjerpande espresso i Saman Kafebar som ligg i fyrste etasje i Innovasjonsbygget, Fosshaugane Campus. Det er Studentsamskipnaden som står for den daglege drifta.

thumb__MG_1848_1024
Dyktige baristaer i sving!

Tysdag 23.januar opna den åttande kaffibaren som ligg under Høgskulen på Vestlandet. Etter fusjonen mellom Høgskulane på Vestlandet var det tidleg eit tema og ynskje om å oppretta ein kaffibar også i Sogndal. Innovasjonsbygget hadde eigna plass, og rommar no eit flott tilbod om kaffi, mat og møteplass.

Ein student frå Høgskulen på Vestlandet fekk æra av å klyppa det raude bandet, og erklæra Saman Kafebar for offisielt opna. Dei mange som møtte fekk smaka kaffi og kaker, og føla på stemninga med lukten av brende kaffibønner.

thumb__MG_1844_1024
Opning av kaffibaren

Direktør for Studentsamskipnaden Saman/Sammen, Per Kristian Knutsen, ynskte alle velkomne. - Det er komne to baristaer som er svært interesserte og dyktige i faget sitt. Eg fekk servert den beste espressoen her, endå eg ikkje likar espresso, fortel Knutsen. Han fortel at det er svært populært med kaffibarar i tillegg til studentkantinene.

thumb__MG_1839_1023
Per Kristian Knutsen ynskte velkomen

Både Vibeke Johnsen for Sogndal kommune og Kristine Timberlid for Innovasjon Noreg takka for det nye tilbodet. - Det er flott å ha ein plass til arrangement og frukostmøter, seier Timberlid.

Dagleg leiar i Sogndal Fotball Yngve Hallèn var godt nøgd med at den siste delen i Innovasjonbygget no var opna.

- Dette er blitt eit flott området og ein møteplass som me håper folk vil bruke 365 dagar i året. Og på Fotballkampar. Me er opptekne av å etablere lokaler der fleire kan trivast, og her i Kaffibaren ligg det tilrette for akkurat det, seier Hallèn.

Saman Kaffibar opning
Annonse fra Obos-ligaen: