Spelar- og kompetanseutvikling

Sogndal Fotball og Lillehammer FK har inngått ein formell samarbeidsavtale.

Sogndal Fotball og Lillehammer FK (LFK), samt tilhøyrande kompetansemiljø, har jobba tett saman sidan hausten 2017. Målet var å lande ein god samarbeidsavtale, og denne vart no skrive før påske.

Spelarutvikling
Avtal fokuserer spesielt på området spelarutvikling.

- Det er viktig for oss å etablere gode samarbeid med andre klubbar som er ambisiøse i sin satsing på aldersfastlangt. LFK har eit sterkt fokus på kompetanseheving i eigen klubb, og trenarar i alle klassar har formell utdanning, fortel sportsleg leiar Håvard Flo.

LFK har ein klar ambisjon om å både styrke og vidareutvikle arbeidet i sine yngre avdelingar. LFK er innlandets største klubb mht antal lag og medlemmar. Dei har over 70 aldersfastlagte gutelag i alderen 8-16 år. For ordenskyld er alle jentelaga organisert i LKFK.

- Dei er i tillegg tett samarbeid og deling av ressursar frå Olympiatoppen og Aktivklinikken. Dette er noko me på sikt kan dra nytta av i Sogndal, fortel Flo.

Kompetanseutvikling
Samarbeidsavtalen omhandlar også kompetanseutvikling innanfor prestasjon og fysisk trening. Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Høgskulen på Innlandet (HINN) er viktige aktørar her, sjølv om dei ikkje er å regne som formelle partnarar i avtalen. Andre idrettsfaglegemiljø og kompetanse knytt til klubbane er også integrert i dette punktet. 

God nøgd Ørjan Christiansen
- For Lillehammer FK er dette eit solid bevis på at me har sterkt fokus på klubbutvikling. Gjennom denne avtalen har me tilgang til kompetanseheving i alle ledd gjennom å lære frå ein av dei beste i Norsk fotball på områda som avtalen omhandlar, fortel sportssjef Ørjan Christiansen i LFK.

For spørsmål kontakt:
Sogndal Fotball: Sportsleg leiar Håvard Flo 992 77601
Lillehammer FK: Sportssjef Ørjan Christiansen 94124493 / Eirik Torbjørnsen 90148453 

Annonse fra Obos-ligaen: