Schulze reiser heim etter sesongslutt

Eirik Schulze har signert for Start

Eirik Schulze og IK Start har signert ein avtale som gjer at Eirik blir Start-spelar frå 1/1 2020.

Eirik sin kontrakt hjå oss går ut ved årsskiftet, no vender han heim til det blide Sørlandet.

Schulze får no sjansen til å spela fotball i heimtraktene, og for klubben han har sett opp til sidan han var liten gut.

Les meir på Start sine heimesider

Me kjem tilbake med meir frå Eirik sin tid her hjå oss ved sesongslutt. No vil den sympatiske lysluggen ha fullt fokus om jobben han skal gjera for oss ut sesongen.

Annonse fra Obos-ligaen: