SEMIFINALE G19 NM

Sogndal - Odd, Fosshaugane Campus klokka 17:00

Då me satte oss på bussen ein dag i fjor haust og reiste til Skien for å spela kvartfinale i G19 NM mot Odd var det ingen som kunne ane kva det neste året skulle innehalde for mange av desse gutane. Det var jo kjempestas å berre ha kome til ein kvartfinale i NM, liksom!

I dag skal desse gutane spela semifinale i G19 NM, mot Odd. I år går kampen på Fosshaugane. Avspark er klokka 17.00.

Sidan me spelte mot skienslaget sist har våre gutar vunne semifinale mot Viking i Stavanger, cupfinale mot Rosenborg i Telenor Arena på Fornebu, dei har hamla opp med dei aller beste laga i Skandinavia i Gøteborg, og kunne reisa heim med pokal og ein tittel ingen andre norske G19-lag har teke tidlegare: Skandinavisk Meister.

Men det stoppa ikkje der. Me slo ut Vålerenga på Intility Arena i årets 4. rundekamp, med ein imponert landslagstrenar Paco på tribuneplass. Me tok skalpen på sjølvaste Brann heime i kvartfinalen, og me har spelt Europacup mot det beste laget i Finland med ein haug landslagsspelarar. Gutane sikra avansement til 2. runde, og det er ikkje ei veke sidan ein gong.

Det er som ein må klypa seg hardt i armen. Og, ein trur knapt det me får oppleva med denne fantastiske gjengen!

KOM PÅ KAMP I DAG!

Det har desse gutane fortent! Dei fortener all mogleg støtte frå tribuna når dei no skal ut i ein knallhard batalje om retten til å få spela cupfinale!

I fjor vart det dramatikk og spenning heilt til siste slutt då me møtte Odd. Etter at det stod 1-1 etter full tid, vart det ekstraomgangar og straffespark. Kalde som fiskar prikka våre gutar inn det eine målet etter det andre, og i mål hadde me ein Kaptein i Kristian Rutlin. Det spontane latterropet til den gamle rockaren Albert Olav ligg fortsatt og vibrerar over Skagerak Arena då alt var avgjort.

Det er eit veldig godt lag me skal møta i dag. Me må vera topp skjerpa, og me må levera ein av våre aller beste kampar om dette skal gå. I lag med vår tolvte mann skal dette bli ein festkveld på Fosshaugane! Gutane våre er klare!

Semifinale i G19 NM
Sogndal - Odd
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 17.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: