Vår aktive seniorklubb

Seniorklubben har hatt eit aktivt år og er klar for nye utfordringar

I år leverte Seniorklubben Sogndal Fotball si fyrste årsmelding. Seniorklubben har ført ånda til Svein Bakke vidare i året som gjekk. Han var pådrivar for å starte opp klubben i 2014. Han var også veldig stolt av arbeidet med akademiet.

Det har vore ein god sesong der gjengen har fulgt laget, bidrege mykje og skapt sosiale møteplassar. I utgangen av året hadde dei heile 153 medlemmar.

fredagsprat.JPG
Fredagskaffi

2016 starta med kick-off i forkant av årets fyrste heimekamp der dei mellom anna fekk besøk av tidlegare landslagssjef Per Mathias Høgmo og Fotball Media AS. I samband med heimekampane har Seniorklubben hatt kamparrangement, her har det vore godt oppmøte. Det har vore enkel servering, besøk av trenarane, tippekonkurranse og besøk frå andre. Mellom anna var bebuarar på omsorgssenteret innom i samarbeid med studentar frå Høgskulen. Etter sesongen var ferdig arrangerte klubben ”fleskasaus” på Lægreid.

kamparr.JPG
Kamparrangement

Andre aktivitetar dei har hatt er fredagskaffi. Då har dei vore på besøk på treningane til A-laget og blitt betre kjende med spelarkvardagen. Eirik Bakke og andre i klubben har vore og orientert om status. Dette har vore ein kjekk sosial møteplass og dei ynskjer å halde fram med dette i 2017-sesongen.

Gjengen har vore flinke og flittige til å stille opp, og dugnadsånda lever i beste velgåande. Den største dugnadsinnsatsen har dei bidrege med på SogndalAkademiet, som organisatorar og med leksehjelp. Elles så har dei vore med på cupar og heimekampar.  

lerum.JPG
Flinke frivillige på Lerum Cup

Media tok ein prat med eit par av desse seniorane som hjelper til på Akademiet. Tidlegare har dei vore leiarar, trenarar og oppmenn på aldersbestemte lag, heilt tilbake til 70-åra. I dag har dei søner som har haldt fram med desse rollene.

I forhold til akademiet så seier Inge Jarle Yttri at dette arbeidet er veldig gjevande, dei held seg oppdaterte og får mellom anna repetert engelsken sin. Det er også ei god kjensle å kunne bidra til klubben i dag. Seniorklubben er med å samla bygda att, det skapar eit miljø rundt.

akademi yttri bøyum.JPG
Inge Jarle Yttri og Kjell Bøyum gjer viktig arbeid med akademiet

Tommy Øren, ansvarleg for akademiet i dag, påpeikar at det berre er positive synergiar med akademiet. Foreldra til borna viste goodwill i oppstarten av dette unike tilbodet. Hadde det ikkje vore for seniorgjengen, så hadde ikkje det kunne blitt eit heilskapleg tilbod der ein inkluderer både fotball og leksehjelp.

almås akademi.JPG
Asbjørn Almås høyrer akademigut i lekser

Framover så ynskjer klubben å halde fram med og vidareføre tiltaka dei har hatt. I tillegg ynskjer dei å ta del i ein større vårdugnad, som også kan bli ein fin møteplass for alle.

 

 

Annonse fra Obos-ligaen: