Sentral midtbanespelar klar

Tomas Kristoffersen tek på seg kvitedrakta

Tromsdalen UIL og Sogndal Fotball er samde om ein overgang for Tomas Kristoffersen, f. 6/7 1993.

Sogndal Fotball og Kristoffersen har signert ein avtale som strekkjer seg ut sesongen 2021.

- Med Tomas får me ein fotballklok og rutinert spelar, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

- Tomas er pasningssikker, han har ein god fot og kan bli ein viktig mann på dødball, held Flo fram.

Tomas er tromsøgut og spelte sine første barnekampar for moderklubben Krokelvdalen IL. Tromsdalen var neste stopp for Tomas, og det var her han vart fotballspelar. Han var ei årrekkje i klubben, men i 2017 spelte han for Sandnes Ulf, og i fjor for Åsane. Han står med 30 kampar for kvar av desse to klubbane og i løpet av sine 142 kampar for Tromsdalen har han skåra 24 mål.

No startar han eit nytt kapittel her i Sogndal.

- Eg ser på Sogndal som ein veldig spennande moglegheit til å utvikla meg vidare som fotballspelar. Her er det topp fasilitetar, og eg likar denne utfordringa, seier Tomas, som omtalar seg sjølv som ein ballspelar.

- Eg likar å styra spelet, og strø litt pasningar.

Han kjenner til nokre av spelarane frå før, og trur det skal gå fort å bli ein del av gjengen.

- Eg er jo ein utadvendt nordlending, ler han, og legg til at han er veldig godt motteken i gruppa.

- Eg ser veldig fram til å bli betre kjent med denne gjengen, det har vore ein fin start, seier Tomas etter den første treningsøkta.

Me ser fram til denne tida i lag med Tomas. Velkomen til Sogndal!

 

 

Annonse fra Obos-ligaen: