Sesongen er i gong!

Første treningsøkta i 2018 er unnagjort

I dag møttest gutane våre på jobb etter ferien, og det var ein ivrig gjeng me såg i Sognahallen i formiddag.

Etter oppvarminga med Knut Ripe, tok Rune Bolli Bolseth over med litt øvelsar. So var det litt spel, før Knut drog i gong med litt kondisjontrening på slutten. 

Nokre av gutane starta treningsåret i gymmen.

Ole Martin Rindarøy er tilbake i Saftbygda, på treningsopphald. Me hadde óg besøk av vår gamle og gode ven Ulrik Flo. Begge skal vera med og trena den neste perioden.

Allereie på laurdag er det treningskamp mot Florø i Sognahallen, avspark klokka 14.00.

Her er nokre bilete frå dagens rolege oppstart i Sognahallen.

Annonse fra Obos-ligaen: