Siger i Marbella

Flo og Bye skåra på kviterussarane

Me slo Shakhtyor Soligorsk 2-0 i Marbella i ettermiddag etter skåringar av Fredrik Flo og Bendik Bye.

Med sola tilbake, var det ein flott dag På Costa del Sol, og det lugga litt for karane i første omgang.

- Det var ein veldig sjansefattig omgang. Det lugga offensivt, og det var to veldig strukturerte lag på bana, me gjorde det vanskeleg for kvarandre, seier ein OK nøgd Marius Bøe etter kampen.

- Me etterlyste meir tempo og variasjon i det offensive spelet i pausepraten, fortel Bøe, som fekk sjå at karane klarte å strekkje meir opp og var flinkare til å variera etter sidebyte.

- Kampen vart meir open, me hadde fortsatt struktur bakover, men var dyktigare offensivt.

Fredrik Flo kom inn, og brukte ikkje mange minutta på å notera seg for skåring.

- Magnus Pedersen la eit perfekt innlegg, og Fredrik banka ballen i mål. Flott skåring, etter noko me øver på på treningsfeltet, seier Bøe om skåringa til Flo.

Rett før slutt kunne Bendik Bye punktere kampen.

- Skåringa kom etter flott forarbeid av Eirik Schulze, og åleine med keeper kunne Bendik skåre sikkert.

- Det var kjekt at me fekk clean sheet igjen. I dag var me strukturerte i forsvar, seier Bøe, som no gler seg til å kome seg heimover.

- Ja, no har eg vore på reis lenge, og knapt sett Sogn den siste månaden. Neste måndag har me første treninga på Fosshaugane, det blir stas, avsluttar Marius Bøe frå Marbella.

Kampreferat i Sogn Avis

Me stilte med dette laget frå start:

Mathias Dyngeland - Eirik Skaasheim, Bjørn Iinge Utvik, Vegard Leikvoll Moberg, Victor Grodås - Gilbert Koomson, Eirik Birkelund, Chidibere Nwalaki, Simen Brekkhus - Bendik Bye, Martin Ramsland

Benken: Tarjei Omenås, Magnus Pedersen, Per Magnus Steiring, Edin Øy, Fredrik Flo, Ulrik Fredriksen, Eirik Schulze, Henrik Furebotn, Tomas Totland

Karane skal no ha restitusjonstrening i morgon, og ei lett økt på onsdag før dei reiser til Oslo. På torsdag er det ny kamp mot Lillestrøm i LSK-hallen, før turen går heim til Sogndal med ettermiddagsflyet.

Annonse fra Obos-ligaen: