Siger mot HamKam

Me fekk ein forsmak på kva som ventar oss i OBOS-ligaen

Sogndal slo nyopprykka HamKam med 2-1 i dagens kamp på La Dame de Noche i Marbella.

Det var Markus Brændsrød og Ulrik Flo som skåra måla våre, framfor 50 tilskodarar i sola og vinden.

Les om kampen i Sogn Avis

Det vart ein rotete, oppjaga og sjansefattig kamp, ein slitekamp som me vil få mange av denne sesongen. Nokon vil nok kalla det for ein typisk kamp i OBOS-ligaen.

Markus ordna 1-0 i første omgang med ein frekk kipp over keeper. Rett etter kvilen utlikna laget frå Mjøsa, men stryningen Ulrik Flo heada ballen i nota til sluttresultatet 2-1 etter eit flott innlegg av Joachim Soltvedt.

Flo stod for bra trøkk og hadde nokre gode tacklingar. Even Hovland var solid.

IMG_3349
Ulrik trøkka bra til ved fleire høve (Foto: Rune Sjøberg)

No reiser karane heim til Sogndal, og neste søndag er det generalprøve på Fosshaugane. Då kjem Åsane til årets siste treningskamp.

Slik vurderte Sogn Avis spelarane i dagens kamp

Desse elleve starta kampen:

Mathias Dyngeland - Tomas Totland, Even Hovland, Per Magnus Steiring, Reiss Greenidge - Stanisa Mandic, Eirik Birkelund, Johan Hove, Eirik Schulze - Markus Brændsrød, Sigurd Haugen

Benken:Kristian Rutlin, Kjetil Haug, Joachim Soltvedt, Ulrik Fredriksen,  Sixten Jensen,Kasper Nissen, Didé Fofana og Ulrik Flo.

Annonse fra Obos-ligaen: