Siger mot Levanger!!

Gutane stod på til siste slutt, og fekk løn for slitet.

Me har vunne 2-1 mot Levanger og tek med tre viktige poeng med på bussen heim.

Det starta ikkje so godt i den kalde vinden her i Trøndelag, og heimelaget tok tidleg leiinga. Me hadde ein del ball i første omgang, men skapte ikkje all verda.

I andre omgang tok me heilt over styringa i kampen og kom til ein del sjansar. Det skulle likevel li mot slutten av kampen før me fekk utteljing. 

Første mann på skåringslista var Eirik Schulze, som skåra eit flott mål etter 84 minutt. To minutt før full tid var Sigurd Haugen på plass nok ein gong og vart matchvinnar. Haugesundaren har funne skåringsformen, det er bra - viktig med spissar som skårar.

Les om kampen i Sogn Avis

Her er TV-bileta frå kampen.


Kampreferat Firda Live

Etter kampen var det elektrisk stemning i garderoben!


Kaptein Mathias Lønne Dyngeland var veldig glad etter kampslutt!


Me snakka med ein stolt og glad trenar etter kampen.

- Det er slike kampar ein hugsar! Eg er voldsomt imponert over denne gjengen som står på til siste slutt, sa Eirik Bakke.


Ein kjem ikkje utanom målskårarane, sjølv om dette først og fremst var ein lagsiger der gutane stod på og jobba for drakta og kvarandre. Eirik Schulze skåra den viktige utlikninga, og var ein glad mann i garderoben.


 


Matchvinnar Sigurd Haugen smilte som ei sol då me snakka med han

På laurdag er det toppkamp på Fosshaugane Campus. Då kjem Viking til oss, og dei mørkeblå skal få hard kamp. Me håpar at du kjem og støttar oss. Billett til kampen kan du kjøpa her.

Slik ser tabellen ut etter dagens kampar.

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Aalesund Aalesund 18 13 3 2 41 15 26 42 V V U V V
2 Mjøndalen Mjøndalen 19 11 5 3 27 11 16 38 V V V V T
3 Viking Viking 19 12 1 6 44 29 15 37 V T V V V
4 Sogndal Sogndal 19 10 6 3 30 16 14 36 T V U V V
5 Tromsdalen Tromsdalen 19 9 4 6 29 28 1 31 V V T V U
6 Kongsvinger Kongsvinger 19 9 2 8 40 31 9 29 T V V V U
7 Ullensaker/Kisa Ullensaker/Kisa 19 7 7 5 40 31 9 28 T U U U V
8 Notodden Notodden 19 7 3 9 26 29 -3 24 V T U T V
9 Nest-Sotra Nest-Sotra 19 6 5 8 33 34 -1 23 U V T U U
10 HamKam HamKam 19 6 5 8 28 29 -1 23 V V T T U
11 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 19 6 5 8 23 33 -10 23 T T U T V
12 Jerv Jerv 18 5 7 6 23 26 -3 22 U T U T U
13 Åsane Åsane 19 6 4 9 25 34 -9 22 T T V V T
14 Strømmen Strømmen 19 5 1 13 27 42 -15 16 V T T T T
15 Florø Florø 19 4 3 12 16 42 -26 15 T U V T T
16 Levanger Levanger 19 3 3 13 23 45 -22 12 T T T T T

Stao no pao!! 

Annonse fra Obos-ligaen: