Sogndal United

Sjå denne blide gjengen

Sogndal United feirar 10 år.

I dag var Sogndal United samla på Fosshaugane Campus for å feire 10 års jubileet.
Sogndal United vart starta i 2006, og var til å begynne med ei fotball- og sirkeltreningsgruppe. Dei møttes til trening anna kvar veke i Sognahallen i Sogndal. Så i 2010 la dei om til å bli eit reint fotballtilbod med fylkessamlingar. Mykje av grunnen var at det var vanskeleg å drive tilbodet på lokalt basis. No har Sogndal United fire samlingar i året. To på våren og to på hausten.

Deltakarar frå 6 forskjellige kommunar
I Sognahallen var det i dag samla 7 deltakarar frå 6 forskjellige kommunar. Det var ein svært ivrig gjeng som var i aksjon, og innsatsen var det ikkje noko å seie på under fotballøkta. Her var det fokus på pasningsspel, skot og teknikk.

Me er ein god gjeng og me har eit godt samhald. Eg liker fotball veldig godt, fortel ein smilande Geir Ove.

- Det er veldig gøy å være med her i dag. Me er ein god gjeng og me har eit godt samhald. Eg liker fotball veldig godt, fortel ein smilande Geir Ove.

Sogndal United
Sogndal United

Sogndal A-lag var med på økta
Eit par av Sogndals A-lagsspelarar var og innom for å gi litt tips og inspirasjon.

- Det er ikkje vanskeleg å sjå at dei har det moro her i dag. ”High-fives” og gode klemma sit laust hjå denne gjengen, fortel Kristian F. Opseth og Eirik Skaasheim.

”High-fives” og gode klemma sit laust hjå denne gjengen, fortel Kristian F. Opseth og Eirik Skaasheim.

- Me og har kosa oss skikkeleg her i dag. Dette er ein fantastisk flott gjeng å vere saman med, fortel dei to med eit stort smil.

Sogndal United
Sogndal United

Fotball og festmiddag
- No etterpå har me laga til festmiddag, feiring og eit par overraskingar oppe i Flostova. Her blir det mykje moro, seier Iren Nordheim som er med i leiergruppa. 

- Me skulle sjølvsagt ønskja at det hadde vore fleire deltakarar her i dag, på det meste har me vore 18 deltakarar samla, seier Nordheim.
-Men me som er her får uansett ei flott feiring, smilar ho.

Flott meistringsarena
Det er ikkje vanskelig å sjå at dei frammøtte har det gøy i lag. Sogndal United har laga til ein fin mestringsarena, og det er også ein sosial møtestad.

- Det er kjekt å møtes og det er triveleg å vere saman med andre utviklingshema. Me ler og tuller og har det koseleg i lag, det er det viktigaste, fortel Espen. 

Me ler og tuller og har det koseleg i lag, det er det viktigaste, fortel Espen.

Espen og Jan Egil er blant dei som har vore med heilt i frå starten.
- Det er kjempe gøy og samlast slik som i dag, og det kjekkaste er jo absolutt å spele fotball, seier Jan Egil.

- Me har aldri vore med på å feire eit 10 års jubileum, så dette er ei flott oppleving, fortel dei to.
- Neste gang blir det 15, 20 og 30 års jubileum. Me skal halde fram med Sogndal United, seier dei smilande.

Me gratulerer Sogndal United med 10 år jubileet!

Nokre bilder frå dagen

Sogndal United 10 år
Sogndal United 10 år
Sogndal United
Sogndal United
Sogndal United
Sogndal United
Sogndal United
Sogndal United
Sogndal United
Sogndal United
Sogndal United
Sogndal United
Sogndal United
Sogndal United
Sogndal United
Sogndal United
Annonse fra Obos-ligaen: