Skal løfta dei unge

Steffen Ernemann har signert

Steffen Ernemann (f. 26/4 1982) og Sogndal Fotball er samde om ein avtale som går frå og med 1. mars 2019 til og med 31. desember 2019.

Den erfarne midtbanegeneralen kjem inn som ein leiarskikkelse i ein ung spelarstall. Med ein referansespelar som Steffen, får me inn ein ressursperson som kan løfta dei unge spelarane, og hjelpa dei til å ta nye steg.

Steffen Ernemann har lang fartstid som fotballspelar. Som proffspelar debuterte han for AGF Århus i 2002, og han har spelt på høgt nivå i både Danmark og Belgia før han kom til Sarpsborg 08 i 2013.

For østfoldklubben spelte han 87 kampar. I 2017 vart han klar for Viking, og han spelte 43 kampar for dei mørkeblå. Steffen var viktig i kampen om opprykket i fjor, der Bjarne Berntsen sine menn tilslutt stod som vinnar av OBOS-ligaen 2018.

- Me er veldig glade for at Steffen kjem til Sogndal, seier trenar Eirik Bakke, som har hatt ynskje om å sjå midtbanegeneralen i kvitedrakta i fleire år.


- Det blir godt å få Steffen inn i denne gjengen. Me har ei ung gruppe, der me har åtte spelarar på aldersbestemte landslag. Steffen har mykje erfaring og vil vera ein god rollemodell for dei unge både på og utanfor bana, seier Eirik.

Trenaren vår fortel at Steffen vil få ei viktig rolle i den viktige jobben som må gjerast for å oppnå sesongens mål, opprykk til Eliteserien.

Med Steffen vil dei unge spelarane få inn ein farsfigur i garderoben, ein dei veit dei kan lita på, ein som går i krigen for dei.

- Steffen har ein enorm vinnarvilje, og er ein fantastisk gut, avsluttar Eirik, som med denne signeringa får god tru på det som skal skje framover.

For spørsmål rundt dette, kontakt Eirik Bakke på telefon 90529967 ut dagen.

Me ynskjer Steffen hjarteleg velkomen til Saftbygda.

Annonse fra Obos-ligaen: