- Utruleg kjekt med besøk

Denne veka var Sogndal Fotball og MOT på skulebesøk og fotballtrening i Førde

Tysdag 17. april var fleire frå Sogndal Fotball og MOT ute på hjul igjen. Denne gangen gjekk besøket til Førde Ungdomskule og Førde sit G04-lag. 

- Me har i dag gjennomført tre foredrag for elevar og lærarar ved Førde Ungdomskule. Tilbakemeldingane har vore utelukkande positive, og me ser det som særs viktig å vere synleg ute i fylket, fortel omdømmeleiar Rasmus Mo.

Sjå video frå treninga med Førde 04 lengre ned i artikkelen

Skulebesøk Førde Rasmus Mo
Rasmus Mo engasjerer elevane ved Førde Ungdomskule
Skulebesøk Førde Edin Øy Victor Grodås
Glade elevar saman med Victor Grodås og Edin Øy

Trening med Førde g04
Etter skulebesøket gjennomførte spelarutviklar Nils Tore Krosshaug, Victor Grodås og Edin Øy ei økt saman med Førde g04 på Hafstadparken.


Førde er kommuneprosjekt til kampen mot Kongsvinger
Søndag 22. april spelar Sogndal kamp mot Kongsvinger. I den forbindelse inviterer Bilhuset Førde AS, Førde Vulk, Åsen & Øvrelid AS og Sparebanken Vest til gratis kampoppleving til alle som er busett i Førde kommune.

Bruk promokoden FORDE, for å bestille dine gratis billettar (gitt at ein bur i Førde).
Bestill kampbillettar her.

Annonse fra Obos-ligaen: