Skal bli betre kjend med ungdommen

Sogndal Fotball og MOT er i desse dagar i gong med skulebesøk i Sogn og Fjordane.

Førre onsdag var Sogndal Fotball og MOT Sogndal på sitt første av sju skulebesøk ut i fylket. Nesten 150 ungdommar frå Luster Ungdomskule var samla i skulens aula og følgde ivrig med.

- Me ynskjer å vere tilstade ute i fylket og at ungdommane skal skape ein  relasjon til Sogndal Fotball og MOT. Det er viktig for oss å vere synlege, fortel omdømmeleiar Rasmus Mo i Sogndal Fotball.

Skulebesøk MOT Luster Rasmus Mo 2
Skulebesøk på Luster Ungdomskule - Rasmus Mo

Skulebesøka har som formål å formidle gode verdiar til ungdommane, og sette ord på kva som må til å verte toppidrettsutøvar.

- Sogndal Fotball gjennomfører årlege klubbbesøk i fylket, men me ynskjer og å nå ut til ungdommen på skulane. I dag har me hatt ein god gjennomgang på kva som skal til for å prestere, både på skulen og på fotballbana, fortel trenar- og spelarutviklar Nils Tore Krosshaug.

- Me ynskjer å rette eit fokus på dei ulike rutinane ungdommen tileignar seg. Både med tanke på mellommenneskeleg relasjonar og verdiar, samt fokus på trening, kosthald og restitusjon, seier Krosshaug.

 

Skulebesøk MOT Luster Nils Tore Kosshaug Martin Ramsland Victor Grodås 2
Frå venstre Martin Ramsland, Victor Grodås og Nils Tore Krosshaug

Med seg på podiet var Martin Ramsland og Victor Grodås. Dei kunne fortelje om sin kvardag som 13-16-åringar, og kva val dei har teke gjennom oppveksten.

- Dette var eit svært positivt besøk. Det er kjekt å møte flott ungdom der dei er, og kunne dele eigne erfaringar frå oppveksten. Som ungdom er det mange val ein skal igjennom, og då er det viktig å ha gode rollemodellar å sjå opp til, seier Victor Grodås.

Skulebesøk MOT Luster Martin Ramsland Victor Grodås
Glade elevar saman med våre spelarar

Luster kommuneprosjekt
Luster kommune var og kommuneprosjekt på kampen mot Tromsdalen, og alle elevane med deira familiar vart difor invitert på gratis kampoppleving på Fosshaugane Campus.

Kommuneprosjektet i Luster var sponsa av SPAR Luster, Hans Nes Bygg AS, Hafslo Bilsenter ESSO, Luster Sparebank og Luster kommune.

Neste skulebesøk er tysdag 17. april på Førde Ungdomskule.

Annonse fra Obos-ligaen: