Skulebesøk med MOT

Karane har vore på Kaupanger og på Kvåle

Onsdag var Sverre Ræder frå MOT Norge i Sogndal på skulebesøk.

Han inviterte i lag med MOT Sogndal dei flotte MOT-ambassadørane frå Sogndal Fotball.

- Me er stolte av at Sogndal Fotball er ein del av det lokale MOT-laget, seier Mari Fimreite frå MOT.

Ulrik Flo, Stefan Antonijevic og Tomas Kristoffersen var på Kvåle på besøk til 8. klasse. Jonas Fredriksen og Akor Adams tok turen til Kaupanger på besøk til 8. - 10. klasse.

Karane bydde på seg sjølv, snakka om viktigheten ved å inkludera kvarandre og fortalte eigne historiar frå ungdomstida. Ungdommane deltok aktivt og syntes det var stor stas å få besøk av heltane sine.

IMG_8920

 

Annonse fra Obos-ligaen: