Slik ser du kampen!

Følg G19-laget vårt i Europacupen

Me er i Helsinki for å spela returkamp i UEFA Youth League 1. runde mot FC Honka.

Den første kampen enda 3-1 til våre gutar. Me har altso eit godt utgangspunkt før kampen i kveld, men det er ein stor jobb som skal gjerast. 

Karane må stå på i nitti minutt og meir enn det, og vera førebudde på eit knallhardt køyr frå finnane.

Du kan få med deg dette nervedramaet sjølv om du ikkje er på Telia 5G Arena i Helsinki.

Kampen blir streama, bare klikk inn og bli med oss på ferden i Europa. Avspark er klokka 17:30 norsk tid.

Få tilgang til kampen her

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: