Slo ut Vålerenga!

G19-laget er klare for kvartfinalen i NM

Eit krutsterkt Sogndal hadde kontroll på Intility Arena då Vålerenga tok i mot dei regjerande norgesmeistarane til 4. runde i G19 NM.

Det å vera med så lenge som mogleg i denne cupen, blir sett på som god spelarutvikling i Sogndal. Me ser no resultatet av satsinga som har vore over tid, då ei lang rekkje av spelarane som var med på fjorårets eventyr har teke fleire gode steg.

Mot Enga stilte me med dette laget:
Håvard Hetle, Eivind Helgesen, Eirik Lereng, Jonas Fredriksen, Igoh Ogbu, Eirik Stokkenes, Anders Nord, Sivert Mannsverk, Elias Mittet, Halldor Stenevik, Akor Adams.

På benken hadde me Kasper Bordvik, Daniel Tonheim, Per Michael Thune, Mikkel Erlandsen, Vegard Halset, Filip Mardal.

Karane våre tok raskt kontroll over kampen, og det var berre rein uflaks som gjorde at stillinga til pause var 0-0. Laget frå Sogn sprang Oslo-gutane meir eller mindre i senk, og allereie etter 25 minutt såg det ut til at spelarar på heimelaget merka at våre gutar ikkje var i Sogndal for å kvila seg vidare i cupen.

Me hadde fleire store sjansar, der spesielt Halldor Stenevik aleine med keeper kunne ha skåra.Keeper gjorde eit fantastisk keepersprang og avverga skåring.
 

1U3A0091
Halldor Stenevik veldig nær skåring i debuten i kvitedrakta

Etter kvilen tok me raskt leiinga ved kaptein Elias Mittet på eit frispark. Ei stund etter dobla Akor Adams stillinga, og då såg det nesten ut til at våre tok foten nokre små tideler av gasspedalen. Dette var nok til at Enga kom på eit par farlege visittar. Dei klarte berre å redusera ein gong, slik at sluttstillinga var 1-2 i Oslo.

Me gler oss til kvartfinalen, og kjem tilbake med motstandar og tidspunkt når dette er klart.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: